Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 11. mars 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Fredlaus i Trollheimen

Utanfor allfarveg, utanfor lova

Biologen Nils Røv tar sjåarane med til ein øyde plass i Trollheimen. Har det likevel ein gong vore busetting her? (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK)
Biologen Nils Røv tar sjåarane med til ein øyde plass i Trollheimen. Har det likevel ein gong vore busetting her? (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK)
"Fredlaus i Trollheimen" er historia om tjuven som måtte byggje seg ein ny heim innafor innerste setra i Folddalen. I kveld skal vi til ei anna tid, og året er 1848.

Ingen andre var det som budde vinteren gjennom tre og ei halv mil frå bygda. Hit vart tjuven på Nordmøre jaga med kjerring og tre små ungar for at bygdefolket skulle vere sikre på å få fred for tjuveria hans.

Fjellmannen
I Ut i naturen får vi også historia om biologen Nils Røv som alltid har lurt på korleis den fredlause klarte seg i fjellet. Biologen og forskaren vil inn og finne plassen Farkholtet der tjuven levde. Ingen veit heilt sikkert kor stua låg, men Nils Røv har si eiga bestemte meining om kor det er. Han leitar etter biologiske spor i fotefara etter han dei kalla Folddalingen. For sjølv 160 år etter at det budde folk her, kan det vere muleg å finne merke etter levd liv.

Livet i Trollheimen
Nils Røv vil leve eit par månader inne på fjellet, på ein enkel måte omtrent slik Folddalingen gjorde det. Nils vil følge med i naturen og kanskje forstå betre korleis det var for familien på fem å gå på ein vinter i fjellet. Derfor brukar han god tid innover i desse fjelldalane han har gått i sidan gutedagane. Vi skal vere med Nils i den naturen han set aller mest pris på.

Program frå Naturredaksjonen, NRK Molde
Programansvarleg: Per Jarle Heggdalsvik, tlf 957 45 919
Redaktør: Terje Dale, tlf: 91 53 24 30 terje.dale@nrk.no
Kontaktperson Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57 TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900
info@nrk.no