Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 3. februar 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Folkemusikktimen utlyser stor konkurranse og eit sveitt polsportrett…

- Når du kjenner det stikk i leggane og du kjenner sparket i baken av musikken, då har du dansedraget, seier åttiåringen Sverre Hallbakken frå Elverum. Han blir i Norge rekna for å vere den personen som har bruka mest tid på å samle inn materiale om norsk folkedans og folkemusikk, kun på fritida. Utsagnet er av professor i dansevitenskap på NTNU Egil Bakka.

Innsamlinga og interessa hans har blitt til ein livsstil. Utan familien sin, hadde han ikkje klart det, legg han fort til. Sjølvsagt har arbeidet hans påverka heimen og ungane. Sverre kaupte tidleg feler til alle i huset. Sonen Jørn Hallbakken og dottera Tove Hallbakken Ressel er begge felespelarar i Filharmonien i dag. Folkemusikken er ei arv dei har tatt med seg.

Sverre er opptatt av røter, noko mor hans påverka. – Ho sa at me alltid måtte hugse på kvar me kom frå. Østerdalen stod derfor fram som eit viktig område for oss alle, seier Hallbakken tankefullt. Ingen av foreldra hans dreiv på med folkemusikk, men ei artig historie ligg bak då han som 32 åringen lærte seg polsdans i Telelaget i Oslo. Arne Røine var spelemann og Kjetil Løndal vart ein viktig inspirasjon. I tillegg får du høyre om polsen, tretakten, suksessprogram på NRK der dei stengte dørene så folk ikkje kom ut…og mykje meir. Sverre er god til å fortelje.

Gjennom livet har han samla inn materiale om folkedansen i Sør-Østerdalen og Våler. Han har bruka 35 år på å gje ut boka "Så surr no, kjæring". CD og DVD er andre medium. Hallbakken likar å sjå på eit felt frå fleire vindauge. Det er då forskninga blir spennande, seier han.

Du høyrer at me er andpustne og i dansedrag. Sverre rullar bort teppet og bordet. Stovegolv er for å danse på….

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 3. februar kl. 18.03.
Reprise måndag 4. februar kl. 21.03.