Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 18. oktober 2009 kl 09.30 Språkteigen

Kebabnorsk eller dialekt?

- Når hadde mat noe med språk å gjøre?
Rapparen Dannyboy frå Holmlia er lei av ordet kebabnorsk. Sjølv kallar han språket sitt dialekt. Men kvalifiserer hans norske variant til dialektstatus? Språkforskar Bente Ailin Svendsen skimtar svaret i glaskula.

På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp. Nokon seier kross, andre seier kors. Kvifor byter lydane somme tider plass? Språkvitar Helge Dyvik forklarar fenomenet metatese.

Diblar du? Verbet 'å dible', som truleg er det ferskaste ordet her til lands blei kokt fram ved Elvebakken videregående skole i Oslo. Elevane Ingrid Myhr og Frida Hambro Angell fortel oss kvifor.

Dei gamle romarane har mykje å svare for. Dei har visst skulda for at me legg trykket på feil stad i navnet til filosofen Sokrates. Sylfest Lomheim forklarar kvifor.