Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 4. juli 2010 kl 19.45 Norsk attraksjon

Handlevogner på rømmen

Linda Eide er på handletur i Åsen i Nord- Trøndelag. Der ligg Noregs desidert skeivaste butikk. (Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
Linda Eide er på handletur i Åsen i Nord- Trøndelag. Der ligg Noregs desidert skeivaste butikk. (Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
I "Norsk attraksjon" i kveld får me blant anna den fascinerande historia om kva som skjedde då Bergen i si tid satsa friskt på hoppsporten. Og i Åsen i Nord-Trøndelag stikk Linda Eide innom butikken der handlevognene lever sitt eige liv.

For så fort ein snur seg vekk i butikken i Åsen, har handlevogna stukke av. Men til alt hell kjem det jo som oftast ei ny trillande forbi.

Uvanlege ting
Bergen har ein gong satsa friskt på hoppsporten. Byen med over 230 regndøgn lét seg ikkje stoppa av dårleg vær, og i den berykta Bergensbakken gjekk det på helsa laus. Sjølv om Birger Ruud omtalte Bergensbakken som den finaste bakken i landet, var det slutt på all hopping etter berre ti år. I dag ligg bakken som ein uvanleg ruin og eit minnesmerke over ei tid då tusenvis av bergensarar gjekk mange timar til fjells for å få med seg kvalitetshopping på rundt førti meter!

Staven som ikkje knakk
I Holmenkollen ligg eit uvanleg hus og vitnar om ei tid då stjernekikking var den mest populære underhaldinga i Oslo. Mannen bak fenomenet vart kalla Kikkert-Olsen, og det fyrste stjerneobservatoriet fekk han setja opp i sjølvaste Slottsparken! Til å fortelja historia får "Norsk attraksjon" hjelp av den kjende visesongaren Alf Cranner, som er oldebarnet til den geniale oppfinnaren.

Staven som knakk, er for lengst ein historisk gjenstand i alle sine bitar, men kva skjedde med staven som IKKJE knakk? Det var jo denne staven som gjorde jobben, som fiksa gullet. Men veit Oddvar Brå kvar det er blitt av den? Og kven veit kva som kan skje når ein tidlegare vossameister møter ein tidlegare verdsmeister i rulleskiduell i Hølonda!

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Programmet er sendt tidligere

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: , 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900