Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 18. mai 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Kvinna med Kvedarhjarta

Kvedaren Agnes Buen Garnås. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Kvedaren Agnes Buen Garnås. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Agnes Buen Garnås – "Kvinna med Kvedarhjarta"
Tonane hennar har gjort ho til ein av landets fremste kvedarar. Likevel er ikkje nordmenn aleine om å like folketonane til Agnes Buen Garnås. Sekstiåringen har skapt eit særeigent uttrykk. Kvedinga hennar har blitt symbol for den norske folkemusikken langt ute i verda.

Agnes oppdaga i barneåra at songen alltid fylgte ho. Men kvifor starta ho å synge profesjonelt og kvifor folkemusikk? I Ukas P2-artist, veke 45 får du møte Agnes, nært, reflekterande og spennande. Du møter henne heime i det brune Buenhuset langt inne i den furukledde Breskelia i Bø i Telemark, men også tett-på når ho er i vinden ute på oppdrag.

I programmet får du utplukk av pedagogikken hennar "menneskje til menneskje", kunstnarfamileien Buen, den kjende kvedartonen og ikkje minst kvifor ho er så levande opptatt av folkemusikk og det å føre tradisjonen vidare.

Sjølv likar ho best å kalle seg for ein kulturarbeidar. Agnes Buen Garnås har valgt kveding som profesjon og måten ho har nådd ut til menneskje på, syner at ho har kvalitet, særpreg og emne til både tradisjon og nyskaping. Repertoaret hennar er i spennet mellom gamlestev, bånesullar, balladar og viser framført via den nakne og váre stemma til samspel med andre kvedarar og musikarar som t.d. bror hennar Knut Buen eller Jan Garbarek. I 2005 mottok Agnes kongens forteneste medalje i gull.

I programmet høyrer du også intervju med Ingvill Marit Buen Garnås, Knut Buen, Dagne Groven Myhren, Jan Garbarek og eit arkivopptak med Rolf Myklebust som møtte Agnes i ungdomsåra. Programmet er eit utdrag av serien Ukas P2-artist.

Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

NRK P2 søndag 18. mai kl 18.03 og mandag 19. mai kl 21.03.