NRK1 torsdag 24. november 2011 kl 20.15 Solgt!
Hus for framtida
![]() |
Miljøhus er i fokus i Solgt! i kveld. I framtida blir det viktig å bygge hus som brukar lite energi, men ekspertane er usamde om kva som er den beste løysinga. Solgt! har reist til Hordaland for å sjå nærare på tre typar miljøhus.
-Halvparten av straumforbruket vårt går til oppvarming. Ein vanleg bustadhus brukar opp mot 30.000 kwt. I miljøhusa kan du redusere straumforbruket med opp til 70 prosent, fortel programleiar Frode Søreide.
Passivhus, hus som pustar og nedbrytbart hus
Første stopp er eit såkalla passivhus som er bygd i Øystese. Dette huset utnyttar energien frå sola gjennom passive kjelder som store vindaugsflate. I tillegg solfaktor på taket som varmar opp vatn og sender det rundt i huset. Huset er dessutan heilt tett slik at varmen ikkje forsvinn ut av huset.
På Voss besøker vi eit anna topp moderne lavenergihus. Huset er langt meir isolert enn vanlege hus – samtidig som dei brukar tremasse som isolasjon. På den måten pustar huset og gir eit veldig godt inneklima.
Siste hus sparar også på energien. I tillegg er det heilt fritt for kjemikalier og såleis ypparleg for allergikar. Nesten 98 prosent av huset er nedbrytbart. Dette huset er bygd i den vesle bygda Valestrand på Osterøy – ein kort ferjetur frå Bergen.
Stor utfordring
-Passivhus? Det handlar om å bruke lite energi. Meklarpara frå Terra på Lillehammer og Privatmegleren på Nordstrand må vedkjenne at dette er ein type hus dei har lite kjennskap til. I tillegg blir det ei utvant utfordring når meklarane i staden for salspris skal tippe byggekostnadar og tomtepris på husa.
Frå Privatmeglaren Panorama på Nordstrand i Oslo deltar Soliman Sarwar og makker Rita Josefsen. Frå Terra på Lillehammer er det den tidligare alpinstjerna Merete Fjeldavlie og kollega Pål Thomas Trøseid.
Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.
Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.
"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.
Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai-sendinga.
Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland , tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no tlf: 815 65 900