Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 3. november 2007 kl 22.35 Norsk attraksjon

Svensk eller norsk kule?

Linda Eide alias Karl den 12. (NRK-foto)
Linda Eide alias Karl den 12. (NRK-foto)
Karl XII fall under omleiringa av Fredriksten festning i 1718. Men kven skaut svenskekongen? Nokon hevdar at kula ikkje kom frå fienden, men frå eit svensk våpen. I 300 år har svenskane forska på liket og diskutert ulike scenario.

Men i ei bygd på Vestlandet meiner dei å ha svaret. På garden Hodne i Myking står ein tre og ein halv meter høg bautastein over Jo Vedlo Hodne – "banemann åt Karl XII". Er det sant at han skaut svenskekongen, eller er det ei skrøne hogd i stein? Heile historia får du i Norsk attraksjon i kveld.

Rosenborg-brakka
Linda vil gi Rosenborg ein hjelpande fot ved sesongslutt. Ho pakkar fotballskoa og set nasen mot treningsfeltet i Trondheim. Men viktigast av alt, sjølvsagt, ho syner oss ein norsk attraksjon, nemleg Brakka.

I Rosenborg-brakka ligg sjølve sjela til den mestvinnande norske fotballklubben gjennom tidene. Den gamle tyskarbrakka er restaurert med dugnadssveitte og slit, og ikkje minst - med billeg panel frå Nils Arne Eggen.

Svensk imperialisme
Linda gjev misunning eit andlet når ho set svensk kulturimperialisme under lupa. Saman med antenneoppfinnar Ole Krøtøe køyrer ho Fredrikstad rundt på jakt etter eit monster av ei antenne som delte Noreg i to. Det var aust mot vest, Linda mot Ole, gøyalt svensk barne-tv mot norsk skulefjernsyn.

I tillegg får vi historia om dama på grisen. Biletet av budeia på griseryggen er Noregs mest selde postkort. Men kvar vart det tatt? Det får du vite i Norsk attraksjon.

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.

Underhaldingsprogram (2007)
Program 7 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen , 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie , 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice info@nrk.no, tlf: 815 65 900