Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 19. februar 2013 kl 19.45 Ut i naturen: Skrekk og gru

På fantasiens stier


Filmskaparar og krimforfattarar plasserer ofte historiene sine ute i naturen, men då er den ikkje særleg koseleg. Heller nifs, skummel og mystisk. Og åstad for dei forferdelegaste handlingar.

Radioteatermannen og krimlitteratur- eksperten Nils Nordberg går ut i naturen med Elin Helgheim og snakkar om alt det gale som kan skje der.

Dyr og landskap er ei mektig inspirasjonskjelde for historieforteljarar til alle tider. Men alt handlar ikkje om kor vakker og viktig naturen er for oss menneske. Like ofte, om ikkje oftare, handlar historiene om kor skummel den er.

I denne utgåva av Ut i naturen gir vi blaffen i historiene om den vakre naturen og ser heller nokre eksempel der norske filmskaparar brukar naturen til å skape skrekk og gru.

Egenproduksjon, 2012.
Programansvarlig: Elin Helgheim, tlf 911 24 190
Produksjonsleder: Bjørg Langeland
Kontaktadresse for presse presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900