Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 10. november 2011 kl 20.15 Solgt!

Bymeklarane får prissjokk i Lofoten


Fire meklarar frå Asker og Stavanger blir tatt med til Lofoten for å tippe bustadprisar. Du kan trygt sei det blir eit prissjokk. Eit nedlagt fiskebruk og ei rorbu i idylliske Nusfjord står på menyen når Solgt! besøker Lofoten.

-Kor er vi? Vi må nok betydeleg ned i pris – spørsmålet er kor mykje, kjem det lattermildt frå Solveig Aune og makker Anders Bonesmoe. Dei to meklarane frå DnB Nor Eigedom i Asker og Bærum anar lite om bustadmarknaden i Lofoten, men lar seg imponere av den mektige naturen.

Det same gjere meklarane Janne Mette Bergesen og Kjell Ove Råheim frå Privatmegleren i Stavanger.
-Heilt rått, men litt av ei utfordring. Dette blir vanskeleg, konkluderar dei to etter å ha kome til Svolvær i Lofoten.

Freda fiskebruk
Og det blir utfordrande når Solgt! i dag besøker Lofoten for å sjå nærare på bustadprisane i området. På visningslista står eit gamalt og vakkert trehus mitt i Svolvær sentrum. Eit nedlagt fiskebruk i idylliske Henningsvær med totalt 1000 kvadratmeter bygningsmasse - som i tillegg er freda. Og sjølvsagt ei rorbu i det vesle samfunnet Nusfjord med knappe 30 fastbuande.

-Dette blir kjempespanande. Vi er veldig glade for å ha fått til eit program frå Lofoten. Området er veldig spanande for det skjer mykje i området som påverkar bustadprisane. I Svolvær er det mangel på tomter og det pressar pisane oppover. Samtidig som det er mange stader du kan få deg fantastiske perler i spektakulær natur til ein billig penge, seier programleiar Frode Søreide.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".

Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.
Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai-sendinga.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, info@nrk.no, tlf: 815 65 900