Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 søndag 14. september 2008 kl 11.03 Gudsteneste frå Vangskyrkja på Voss

Vangskyrkja på Voss

Vangskyrkja på Voss (NRK).
Vangskyrkja på Voss (NRK).
Gudstjeneste frå Vangskyrkja, Voss, Hordaland.
18. s. e. pinse: Joh. 8, 31-36.

John Ove Thaule (foto: Voss kyrkjeblad).
John Ove Thaule (foto: Voss kyrkjeblad).
Sokneprest John Ove Thaule.
Kantor Lars Ragnvaldsen.
Norsk Salmebok: 577. 663. 385. 331. 418 v 1, 4-5.

Tekstlesar er Per Helleve.

Salmane er i same rekkjefølgje som numra overfor: Kor stor ei lukke for vårt land, Du som veien er og livet, Kom, sannings Ande, Kom, kom og hør et gledens ord og Med jesus vil eg fara.

Songlaget "Strendingen" og Voss og Omland Katori syng "Den fyrste song eg høyra fekk" og "Kornet gøymt i jordi". Under preika deltar Ellen Marie Selland Geithun som kvedar med folketonen "Ren og rettferdig".

Ved orgelet sit kantor Lars Ragnvaldsen. Og til opning spelar han "Preludium i D-dur" – komponert av Johan K. F. Fischer. Til slutt høyrer vi "Elegi" – komponert av Christian Cappelen.

Teknisk ansvarlege er Njaal Mangersnes og Cato Kristensen.

Høyr gudstenesta frå Vangskyrkja, Voss 14.09.08

Om kyrkja


Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sankt Mikael.

Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil - berre så vidt tilspissa - og er en av dei eldste gotiske landskyrkjene i Noreg.

Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, står på Vossevangen i Voss kommune. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje og soknekyrkje for eit stort område.

Det er ikkje så mykje igjen av interiøret frå den katolske tida. Bortsett frå sjølve kyrkja er det berre steinaltaret og predellaen (foten under altertavla) som er frå tida før reformasjonen.

Glassmaleria i koret og tårnfoten fekk kyrkja så seint som i 1923, og i år 2000 fekk kyrkja eit etterlengta nytt og flott orgel.

Fleire kjelder.


LENKER
  • Høyr gudstenesta frå Vangskyrkja, Voss 14.09.08