Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 25. desember 2007 kl 21.45 Per Sivle - eit liv i strid

Eit tragisk diktarliv

Per Sivle spela av Hallvard Lydvo. (Foto: Brede Røsjø).
Per Sivle spela av Hallvard Lydvo. (Foto: Brede Røsjø).
I år er det 150 år sidan Per Sivle vart fødd, og NRK markerer jubileet ved å teikne eit portrett av forfattaren og hans verk. Gjennom dramatiserte tablå, intervju og kommentarar får vi innblikk i livet han levde og streid.

Per Sivle var den første arbeidardiktaren i landet, han var ein nyskapande novellist som skreiv om born for vaksne, og som skald skapte han i åra fram mot unionsoppløysinga ei sterkare nasjonalkjensle blant folk enn nokon annan diktar.

Men sjølv fekk han ikkje oppleve draumen om at landet skulle bli fritt. Året før unionen sprakk, avslutta han livet med å rette ein pistol mot tinningen.

Nøkkelscenar frå livet
Portrettet er laga av Oddgeir Bruaset (kjent for "Der ingen kunne tru at nokon kunne bu"). Det vekslar mellom tablå som illustrerar viktige hendingar i livet til Sivle, informasjon gitt i intervju med litteraturkjennarar og biografar samt studiokommentar.

Utanom tre profesjonelle skodespelarar, Olve Løseth og Hallvard Lydvo som Sivle og Jorunn Torsheim som mor hans, medverkar meir enn eit femtitals statistar henta frå amatørteatermiljøet i vossebygdene og i Drammen.

Opptaksstader har vore barndomstraktene til Sivle i Aurland, Stalheim og Vossestrond, og Oslo og Drammen der han for det meste levde sitt vaksne liv.

Mista mor og fem søsken
Livet til Per Sivle var eit liv i strid frå vogge til grav. Mora hans, som var ugift, hoppa på sjøen og ville ta livet av seg før han vart fødd. Ho vart redda, og det var så vidt jordmora greidde å berge livet til Per under fødselen. Tvillingbroren døydde.

Året etter fødde mora to tvillingbrør til. Begge var døde. Året etter skjedde det same igjen. Attpå alt døydde ho sjølv.

Så då Per var 2 ½ år gammal, hadde han mist både mora og alle dei fem søskena sine. Saknet av mora var sterkt, men takka vere gode fosterforeldre fekk han likevel ein trygg oppvekst.

Rusavhengig
Per hadde gode evner og skulle bli prest, men kort tid etter at han kom til Kristiania for å studere, vart han sjuk og måtte gje opp studia. Ein tærande hovudverk, som følgde han livet ut, prøvde dokteren å døyve med morfin og brennevin. Det måtte gå som det gjorde. I heile sitt vaksne liv var Per Sivle underlagd alkoholen.

Ei tid livnærte han seg som avismann, men det er som diktar Per Sivle blir hugsa, endå han skreiv ikkje mykje Han var for sjuk til det. Men somt av det han skreiv, ragar høgt, og på fleire område var han nyskapande.

Noregs første arbeidarroman
Mellom anna skreiv han den første arbeidarromanen i landet, basert på ein dramatisk streik han sjølv opplevde i Drammen. I sogene, der ramma er lagd til heimtraktene, vossebygdene, stod barnet og dyra i sentrum, og gjennomgangstemaet er dei minste sitt møte med ei kald og kynisk vaksenverd.

Alltid tok han parti med dei minste, eit barn, eit dyr, ein fattigstakkar. Dessutan var han demokrat og kjempa for fridom, for einskildmennesket og for landet. Gjennom dei mange kampdikta han skreiv utetter 1890-talet, bygde han opp ei nasjonalitetskjensle i folket som var føresetnaden for unionsoppløysinga i 1905.

Men frigjeringa skulle han sjølv ikkje få oppleve. Då Stortinget tok frå han diktarløna, miste han den siste rest av livsmot og gav opp. 47 år gammal tok han livet sitt i eit avlukke på Torggata bad i Kristiania.

Portrettprogram frå NRK Møre og Romsdal (2007)
Manus og regi: Oddgeir Bruaset
Foto/redigering: Brede Røsjø
Med Olve Løseth, Hallvard Lydvo, Jorunn Torsheim m.fl.
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51 / 95 10 02 99
Tv-sjåarar kan kontakte Publikumsservice info@nrk.no, tlf 815 65 900