Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 6. mars 2012 kl 19.45 Ut i naturen: Havets sølv

Eit storslått drama langs norskekysten


I februar kvart år blir enorme havsletter utanfor Møre dekt av eit kvitt teppe av sildeegg. Berre egga tilsvarar 3 gongar vekta av det norske folk. Men det er få sildeegg som blir til ny sild.

Ukas program handlar om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama.

BBC og David Attenbourough har begeistra oss med fantastiske naturfenomen frå alle kantar av verda. Men få er klar over at kanskje eit av dei aller største naturfenomena skjer her ved norskekysten, rett utanfor vår eiga stovedør. Det har aldri blitt dokumentert slik som no.

Silda vandrar opp og ned langs kysten vår og gir liv til fisk, fugl, kval og ikkje minst til oss menneska. Vi tek i dag ut nok sild til å brødfø heile Noreg si folkemengd heile året.

Eit norsk filmteam har filma dei enorme stimane i havet slik du aldri har sett dei før. Ein fjernstyrt miniubåt (ROV) tek oss med ned der ingen menneske har vore før, på 50 meters djup, for å sjå sildeegga på havbotn.

Den vakre lundefuglen er heilt avhenging av at sildeegga skal bli til sildelarver og etterkvart sildeyngel. Kjem ikkje sildeyngelen forbi fuglefjella til rett tid, må lunden gi opp ungen for å berge seg sjølv. Det har skjedd fleire år på rad.

I filmen følgjer biolog og filmskapar Are Pilskog ein liten lundeunge gjennom våren og sommaren for å sjå om ungen kjem til å klare seg. Kjem sildeyngelen forbi fuglefjellet til rett tid denne gongen?

Produksjon: Blåst Film v. Are Pilskog (2012), post@blaastfilm Tlf 70330282/97766471
Redaktør: Terje Dale, tlf 915 32 430
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no , tlf: 414 28 800
Tv-seerne kan kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900