Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 fredag 6. april 2007 kl 11.03 Gudsteneste frå Dale kyrkje, Vaksdal

Radiogudstenesta

Dale kyrkje (foto: Ann Kristin Flagtveit).
Dale kyrkje (foto: Ann Kristin Flagtveit).
Gudsteneste frå Dale kyrkje, Vaksdal, Hordaland
Langfredag: Luk. 22, 39 - 23, 46.
Kapellan Edvard Bø.
Kantorar Olav Arne Steinkopf og Tone Synnøve Øygard Steinkopf.
Norsk salmebok: 157. 151. 149. 951 161.

Det er salmane:
Når krossen underfull eg ser
Under krossen stod med tåra Jesu mor
Du Guds Lam uskyldig
Litaniet
Hill deg, Frelser og forsoner

I gudstenesta blir det ikkje brukt orgel til salmane, men det blir spela eit meditasjonsstykke på orgel: Jesus accepte la sourrance (Jesus aksepterer lidelsen) frå La navite du Seigneur.

Høyr gudstensta frå Dale kyrkje 6/4 (Langfredag).

Tekstlesarar: Kjell Stokke, Eli Kringlebotten og Einar Magne Straume.

Om kyrkja

Dale Kyrkje er av typen langkyrkje, bygd i 1955 i betong. Arkitekt Arnstein Arneberg. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca. 600. Spissbogestilen (gotisk) er gjennomført alle stader i kyrkja.

Altertavla er måla av Hugo Lous Mohr i 1958, og syner Jesus og læresveinane kring nattverdbordet skjærtorsdag. Øvst ser vi den oppstandne Kristus og bakom han tornekvistane. Handa hans er lyta til velsigning.

Orgelet er eletropneumatisk, frå Norsk orgel- og Harmoniumfabrikk, 1956, utført i fransk romantisk stil. Orgelet har 36 stemmer, 45 register og elktrisk spelebord med tre manualar og 2500 piper. Orgelprospektet er teikna av arkitekt Arneberg.

Kyrkjeklokkene er levert av Nauen Klokkestøyperi og veg 340 kg og 580 kg. På den minste klokka står det: "Kalla på gamal og på ung, mest då på sjeli trøytt og tung, sjuk for den evige kvile." På den største står det: "Lova Gud i hans heilagdom, lova han i hans sterke kvelv." Frå Salme 150.

Meir om inventaret
Altartavla frå den gamle Dale kyrkje heng ved døypefonten. Den er måla av Nils Bergslien, Voss.

Preikestol og døypefont er utskårne av av treskjærar Jakob Hjelle, Syfteland i Os. Midt foran på preikestolen er Såmannen som sår Guds ord. Vi ser også dei fem kloke og dei fem dårlege bruremøyane på kvar side. Ørna foran lesebrettet er eit symbol på evangelisten Johannes. Under kuppelen ser vi Den heilage Ande symbolisert som ei due. På kuppelen ser vi murane kring Jerusalem og øvst står Jesus Kristus.

Antependiet - teppet foran altaret - er av kvit damasksilke og har isydd livsens tre med krossen i toppen og er teikna og sydd av Birthe Arneberg Quesseveur.

Stoffet er henta frå heimesida til Dale kyrkje.


LENKER
  • Høyr gudstensta frå Dale kyrkje 6/4 (Langfredag).