Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 18. juli 2010 kl 09.30 Språkteigen

Ris og ros til Stenvold

Ho blir utskjelt av språkpuritanarar for å bruke dialekt i NRK, men ho får ros av hørselshemma for å snakke tydeleg.
Korleis klarar dagens sommargjest dette kunstykket?

Ingerid Stenvold i Dagsrevyen blei historisk då ho i vinter fekk fritak frå regelen om at ein skal snakke normert bokmål eller nynorsk i nyhetssendingane i NRK. Det blei mykje bråk kring avgjerda, men sidan blei det stille. Har ho fått mange sinte e-postar og telefonar det siste halve året?

Lyttarane sender inn spørsmåla, Ingerid Stenvold sit klar med svara.