Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 31. januar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Kva er eit språk?

Kva språk snakkar du?
Dette enkle spørsmålet er heilt ubegripeleg for mange menneske her på kloden. Hadde det vore like ubegripeleg for Ola Nordmann anno 1010?
Me møter språkprofessor Helge Sandøy, hovudredaktør for den nye norske språkhistoria som no blir skriven. Han fortel om dei mange nye perspektiva som vil få plass i storverket.

- Norge ligg i ei lingvistisk jordskjelvsone.
Det fortel Pål Kristian Eriksen, som finn fellestrekk mellom urdu og oppdalsmålet i kontrafaktive kondisjonalsetningar.
Møt språkforskaren frå NTNU som diggar det han kallar lingvistisk science fiction!

Kva betyr ordet dont i 'den daglege dont'? Og er ein glad i folk eller er folk glad i ein om ein er folkekjær? Sylfest Lomheim går laus på bunken med lyttarspørsmål.