Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 15. september 2008 kl 19.00 Ukas P2-artist: Øyonn Groven Myhren

Øyonn Groven Myhren

Øyonn Groven Myhren – "I sitt eige musikkunivers"
- Eg høyrer det inne i hovudet mitt…



- Eg har veldig mykje musikk inne i meg. Ei slags lengtande greie. Ei slags blanding av sol og regn i seg – gråt og glede…

Orda kjem frå kvedar Øyonn Groven Myhren. Ho song då ho var liten, men kun i senga. Der dikta ho eigne tonar. Å uttrykke seg med stemma når nokon høyrde på, var som å kle seg naken. Ho var blyg. Den gongen visste ho ikkje at songen skulle bli hennar instrument og at scena skulle bli arena. Men ho var glad i å danse… Songen og musikken fekk ho med seg i oppdragelsen heimefra. - Fatteren tralla og spela kvar dag etter arbeid og mutteren song i huset då ho arbeidde. Me hadde ingen musikkoppdragelse, men det var ubevisst. Plutseleg skjønna eg at tonane var inne i hovudet mitt. Dei bare var der, utan at eg visste det, seier ho. Men ho starta ikkje å kvede før ho var vaksen…
Øyonn Groven Myhren reknast som ein av våre fremste norske folkemusikarar. Ho har fleire fyrstepremiar frå Landskappleiken, fått Sagaprisen (1997), Spelemannsprisen (Nivilkinn med Odd Nordstoga 2002) og div andre prisar og stipend. I tillegg til folkemusikk, har ho arbeida mykje med mellomaldermusikkk. Ho har også vore skodespelar for Det Norske Teateret, Riksteateret og Hordaland Teater.
Ho framfører både tradisjonell folkemusikk, men komponerar også eigne melodiar til tekstar. Øyonn er født og oppvaksen på Ekeberg i Oslo, men materialet ho framfører er oftast i familietradisjon frå Vest- Telemark. Ho er dotter av kvedaren og litteraturforskaren Dagne Groven Myhren og spellemannen og språkvitaren Magne Myhren. Ho er barnebarn av Eivind Groven.
I serien " i sitt eige musikkunivers" møter du Øyonn der ho fortel korleis det heile starta, korleis songen vart profesjonen, om erkjennelsesprossesen på scena, om engasjementet for mellomalderen og om komponisten og musikaren i ho sjølv.

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

"Ukas P2-artist" NRK P2
Mandag 15. september – fredag 19. september
Kl. 09.30. Gjenhør kl. 19.00.