Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 12. juni 2011 kl 21.05 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Knut og budeia i Hattfjelldal


Oddgeir Bruaset tek oss til folk og geiter på det avsidesliggjande småbruket Sæterstad i Hattfjelldal.

Som liten gut ville Knut Kastnes bli same. Då han vart forstandig nok til å skjøne at målet ikkje lét seg oppfylle, ville byguten bli bondemann. Det er han blitt, og han angrar ikkje.

Garden hans heiter Sæterstad, og som namnet vitnar om, var han frå gammalt ei seter i ein skogkledd dal på austsida av Røssvatnet i Hattfjelldal kommune i Nordland. Først i 1926 vart setra omgjort til småbruk og bustad for ein familie. Folket levde den første tida i seterbua, medan dyra heldt hus i ei gamme.

Foreldra til Knut hadde ei hytte i nabolaget, og der heldt han til medan han skreiv på ei hovudfagsoppgåve i biologi, om leveviset til reinen på Svalbard. Interessa for samisk levesett sat djupt og gav seg utslag på så mange måtar. Slik fekk han god kontakt med dei som levde på Sæterstad, og då bruket i 1981 vart lagt ut til sals, fekk Knut tilslaget.

Trong ei budeie
Men det var langt frå eit moderne tun han flytte inn i. At låvebrua låg nede, var eit talande uttrykk for situasjonen. Eit omfattande reparasjonsarbeid måtte til på både fjøs og bustadhus. Bad, vassklosett og innlagt varmt vatn var også ein ukjend luksus.

At Knut var åleine, gjorde ikkje saka lettare. Han trong ei budeie, og etter ein del detektivarbeid grov han tak i ei av rette slaget, endå ho som han hadde ein urban bakgrunn. Siri Kobberød kom frå Trondheim, og sjølv om garden låg avsides og mykje arbeid venta, vart ho glad i både staden og mannen. 25 år seinare er dei blitt ein familie på seks, og midt imot alle dystre prognosar for norsk landbruk har dei med trott og pågangsmot skaffa seg ein solid leveveg. Ja, garden har inntektsgrunnlag for alle dei fire ungane, om dei skulle finne på å bli buande der, seier foreldra.

El-kraft og rakfisk
I dag er eit kraftverk er bygd på toppen av eit fjøs, og det produserer langt meir straum enn det garden sjølv treng. Frå verket går vatnet ned i underetasjen, til fiskefjøset. For det er fisk dei har i fjøset, eit heilt lite anlegg for klekking og oppdrett av røye. Fisken blir dessutan foredla på garden, der dei to gonger har fått heiderstittelen "Årets rakefiskfavoritt". Eit moderne ysteri er også bygd på garden, og utanom dette er Knut og Siri turistvertar.

Sendt tidligere.

Dokumentar fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 97 69 81 30 oddgeir.bruaset@nrk.no
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900