Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 29. mai 2011 kl 20.55 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Folka på Femundshytta


Dei er godt oppe i 70-åra. Milda og Klas lever att åleine på Femundshytta, i villmarka vest av Femunden.

Då området var eit underbruk under koparverket på Røros, budde om lag 300 menneske her. Men då skogen var snøydd og smeltehytta vart stengd, flytte dei fleste og berre slekta til Klas vart att på garden. Og sidan har ho vore der. Klas har levd på garden heile livet, og kona hans, Milda, henta han frå Tufsingdalen, ei mils gangveg unna.

I svigermors spor
Det var ingen luksus Milda kom til. Garden var veglaus og låg ei mil unna næraste landfaste nabo. Vatnet var nettopp innlagt i huset, men straumen kom til gards først langt ut på 70-talet. Ho sat på fjøskrakken og mjølka for hand i skinet av ei fjøslykt, ho stod i bekken og skylte klede i vinterkulden, ho sende ungane frå seg på internatskule, og ho stelte pleietrengjande svigerforeldre i ei årrekkje.

Fangst, fiske og Rørosmartnan
Lenge var det likevel fangst og fiske som var viktigaste inntektsgrunnlaget for folket på Femundshytta. Utanom den røya dei drog opp frå Femunden, henta dei fisken frå vatna langt inne i Femundsmarka og bar han heim på rygg. Så var det for Olave og Milda å ta hand om fangsten ved å lage rakfisk av han. Det meste vart sendt til Røros, og vegen dit var lang og omstendeleg. Om vinteren var rypefangsten viktigast. Klas sette opp hundrevis av snarer innetter Femundsmarka, og dagen lang rende han rundt på ski for å sjå til dei.

Seint på vinteren hadde Klas og faren ryper til eit heilt sledelass, og med hesten spent føre drog dei over vidda til Rørosmartnan. Først ei veke seinare var dei attende med varer dei hadde bytt til seg, som sukker og salt, kaffi og mjøl.

Nye generasjonar
I dag er turismen den viktigaste inntektskjelda garden har. Den første turisten dukka opp ein gong på 30-talet og heitte Arne Brustad. Han var ein kjend fotballspelar frå bronselaget og dessutan lidenskapleg sportsfiskar som ønskte å prøve lykka i vatna inne i Femundsmarka. Og sidan har Klas bygd hytter rundt heimetunet og ute i marka, til glede for fiskarar og jegerar og andre friluftsinteresserte, vinter som sommar. Om sommaren dukkar dessutan pensjonistlag og andre foreiningar opp, og Milda tek imot med seterkost i fjøset, som er omgjort til serveringsstad, medan Klas viser flokken rundt på gardsmuseet han har bygd opp, og mellom slagghaugane som ligg att frå tida det var smeltehytta som var livsgrunnlaget. Dei fleste kjem med rutebåten som framleis tøffar på Femunden, men i sommarhalvåret kan ein også ta seg fram til Milda og Klas med bil. Etter ein førti år lang kamp har dei omsider fått føre fram ein milelang veg frå Jonasvollen. Hadde det ikkje vore for vegen, ville dei ha blitt dei to siste på Femundshytta, meiner dei. Men no har yngre krefter teke over. Rett nok døydde eldstedottera deira berre eit par år etter at ho tok fatt, men svigersonen er jamt innom og hjelper til med å halde hjula i gang, og om nokre år er dotterdottera klar til å bli ny turistvertinne på Femundshytta. Tradisjonen skal førast vidare, om dei lever i øydemarka aldri så mykje.

Sendt tidligere.

Dokumentar fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 97 69 81 30
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no