Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 18. juli 2010 kl 19.45 Norsk attraksjon

Forviklingar og forvekslingar


"Norsk attraksjon" fortsetter med spektakulære avsløringar. I kveld tar programleiar Linda Eide tak i den sensasjonelle forviklings- og forvekslingshistoria bak den norske bindersen. Ho grev også fram nye opplysningar om sjølvaste Christofer Columbus.

Bindersen er ei feilaktig feira norsk oppfinning. Den norske bindersen blei forveksla med den britiske bindersen slik at alle nordmenn seinare har trudd at bindersen var ei norsk oppfinning.

Duett med Oddgeir Bruaset
Mange har gjort krav på å ha den rette Uren Luren, altså den originale staden der ingen skulle tru at nokon kunne bu. På Storaheio på Tysnes har Linda Eide funne fram til tuftene av garden som vi syng om i songen om Anne Knutsdotter. Ho avsluttar lokaliseringsdebatten og syng duett med Oddgeir Bruaset.

Andre ting som Linda undrar seg over i kveld, er kvifor det finns ei 14 meter høg solsikke i stål i Vanylven? Og ikkje minst : Kvifor spyr folk verda rundt ved synet av ein bergensar?

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Sendt tidligere.

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900