Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 14. mars 2010 kl 09.30 Språkteigen

Fyrste nordiske språkkoordinator

Norden har fått sin aller fyrste språkkoordinator, og på ynskjelista hennar står ei nordisk barneordbok, eit nordisk språkbarometer, og ei meir motiverande undervisning i nabospråk.

Men kvifor treng Norden ein språkkoordinator? Kva skal koordinerast, og kva vil resultatet bli?
I Språkteigen 14. mars møter du Nordisk språkkoordinator Bodil Aurstad.

Kvifor heiter det Bjerkreim på papiret og Bjerkrei på tunga?
Stadnamnekspert Inge Særheim, eller Inge Særei, sit på svaret.

Ingerid Stenvold er ikkje åleine om å kjempe for språket ho vil bruke i NRK. I 1962 gjekk statsmeteorolog Sigurd Smebye til retten då han blei tatt av lufta. Smebye ville nemleg bruke riksmål i Rikskringkastinga.

Heiter det timevis eller timesvis? Kvifor heiter det vinglas utan s, og brennevinsglas med s? Den mystiske fuge-s'en er ikkje enkel å forklare, men Sylfest Lomheim gjer eit tappert forsøk.