Wilcos nye plate

Det er alltid morsomt med kreative albumtitlar. Og Wilco si nye plate har ein slik ein… Eller ikkje..! Chicago-bandet Wilco vart danna i 1994, og har sju album på samvittigheita. Derav ingen sjølvtittelerte. Før no. Den åttande plata i rekka har nemleg fått det kreative namnet Wilco (The Album). Ja, ok. Kanskje ikkje så veldig […]

Skrevet av:
Publisert 20:25 8 mai, 2009
Foto: Pitchforkmedia.com

Foto: Pitchforkmedia.com

Det er alltid morsomt med kreative albumtitlar. Og Wilco si nye plate har ein slik ein…

Eller ikkje..!

Chicago-bandet Wilco vart danna i 1994, og har sju album på samvittigheita. Derav ingen sjølvtittelerte. Før no. Den åttande plata i rekka har nemleg fått det kreative namnet Wilco (The Album). Ja, ok. Kanskje ikkje så veldig kreativt, men morsomt då. Spesielt sidan det ikkje er første plata til bandet ein gong. Og som om tittelen ikkje var kreativ nok, så er åpningssporet like morsomt. Wilco (The Album) åpnar nemleg med «Wilco The Song».

Den nye plata er å finne i ein butikk nær deg rundt 30. juni. Og det betyr jo at plata akkurat er ute i tide, før dei troppar opp til festival-konsert i Middelalderparken torsdag 13. august. Det er jo fint for festivalfolket å ha tekstane godt planta i minnet før ein skal på konsert.. Så ja, det er berre å begynne å glede seg!

Her har du tracklisten:

01 Wilco the Song
02 Deeper Down
03 One Wing
04 Bull Black Nova
05 You and I
06 You Never Know
07 Country Disappeared
08 Solitaire
09 I’ll Fight
10 Sunny Feeling
11 Everlasting

Og om du lurte, så er spor 5, «You and I» ei låt Feist har lagt vokal til. Hurra!

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Wilcos nye plate"

Legg igjen en kommentar