LidoLido, her frå liveinnspeling av Lydverket i fjor haust, saman med Madcons Yosef Wolde-Mariam og Timbuktu. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

LidoLido, her frå liveinnspeling av Lydverket i fjor haust, saman med Madcons Yosef Wolde-Mariam og Timbuktu. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Vinn billettar til LidoLido!

Stortalentet frå Haugesund speler for eit fullstappa John Dee i Oslo på laurdag. Lyst til å få med det med deg? Lydverket deler ut billettar – og signert LP.

Skrevet av:
Publisert 13:21 22 mars, 2012

Det er lenge sidan dei lysande framtidsspådommane byrja å hagla over 19 år gamle Peder Losnegård, betre kjend under artistnamnet LidoLido. Lovorda har det på inga måte vorte færre av sidan debutalbumet Pretty Girls & Grey Sweaters kom ut førre månad; Lydverkets Marius Asp omtalte mellom anna albumet som «en strime av lys i en norsk offentlighet som i tiltagende grad flommer over av substansløs drittmusikk».

Les anmeldelsen : En velsignet valp

På laurdag går artisten, som i fjor sto for årets mest spelte låt på NRK P3, scena på John Dee i Oslo. Konserten er nære på utseld, og alt tyder på at det kan bli ein svært så minneverdig kveld for alle involverte.

Les også: LidoLido troner på radio

Har du lyst til å få med deg konserten, saman med ein ven? Send mail til lydverketkonkurranse@nrk.no, med «LidoLido» i emnefeltet, og du er med i konkurransen. Hugs å leggja ved fullt namn og telefonnummer – vinnarar vert kontakta via SMS i løpet av fredag formiddag.

Med i premiepakka er også ein signert LP av vidunderet.

Lydverket var i fjor floge på veggen då Losnegård gjekk opp til eksamen på musikklinja ved Skeisvang videregående skole. Korleis det gjekk for seg, kan du sjå her. Han har også spelt live under Lydverkets TV-sending frå Internasjonalen i Oslo – sjå låta «Turn Up The Life», med Timbuktu og Yosef frå Madcon, under!

«Turn Up The Life»:

Tags: , , , , , , ,

Del "Vinn billettar til LidoLido!"
 

1 kommentar på “Vinn billettar til LidoLido!”

  1. Anonym sier:

    Stortalent? Gi de med evne til å lytte en pause! I love it when the sun comes up, I love it when the sun goes down? La oss ta en tur i mimregaten, nærmere bestemt ungdomsskole nivå og slå opp under tekst analyse: Bestem deg og konkretiser teksten din Mr. Ludo ludo (eller var det noe annet?)

Legg igjen en kommentar