VCMG. Foto: Travis Shinn

VCMG. Foto: Travis Shinn

Vince Clarke og Martin Gore saman igjen

Synthpop-pionerane Vince Clarke og Martin Gore frå originalbesetninga av Depeche Mode slår tølene saman etter 30 år på samarbeidsprosjektet VCMG.

Skrevet av:
Publisert 11:57 11 januar, 2012

Vince Clarke og Martin Gore starta samarbeidet på slutten av 70-talet då Clarke, Gore og Andy Fletcher starta fleire band som til slutt vart det banebrytande bandet Depeche Mode. Clarke og Gore jobba saman fram til Depeche Mode-albumet Speak & Spell i 1981, då Clarke gjekk vidare til fleire suksess-bedrifter som Yazoo og The Assembly, men størst suksess gjorde han med Andy Bell då dei starta electro-popbandet Erasure som solgte heile 25 millionar album. Det er likevel synth-rockbandet Depeche Mode, der Martin Gore har vore hovudkomponist sidan Clarke forlot dei, som med over 70 millionar solgte plater har status som det suverent største bandet innanfor sjangeren.

No har ein brilliant idé blitt satt ut i livet. 30 år etter siste samarbeid, tok Vince Clarke via epost initiativ til det nye bandet VCMG. Då dei møttes på ein festival i fjor, vart planane satt i gong. Dei har arbeida med albumet kvar for seg i eigne studio, og kommunisert via epost og ved utveksling av filer til albumet vart ferdigstilt.

Fullengdaren frå VCMG Ssss kjem ut 12. mars. Høyr første singelen «Spock» her.

Dei ti spora på Ssss er:
Lowly
Zaat
Spock
Windup Robot
Bendy Bass
Single Blip
Skip This Track
Aftermaths
Recycle
Flux

Tags: , , , ,

Del "Vince Clarke og Martin Gore saman igjen"

Legg igjen en kommentar