Videorama!

Videorama!

Få med deg nytt frå Pet Shop Boys, Gorrilaz, Klaxons, Arcade Fire og endå fleire i oppsummeringa av vekas beste musikkvideoar!

Skrevet av:
Publisert 11:48 18 november, 2010

Arcade Fire har slått seg saman med regissør Spike Jonze for videoen til «The Suburbs», henta frå bandets strålande album med samme navn. Resultatet er både råfint og forstyrrande, og bygger under mistanken om at noko er riv ruskande galt i amerikanske forstader:

(Via C0S)

Kor mange middelaldrande menn i gul pique føler du for å ta inn over deg i dag? Hot Chip er  klare til å gje deg ein kraftig dose, med videoen til «I Didn’t Know What Love Was». Låta har dei gjort saman med Joy Divisions Bernard Sumner, med utgangspunkt i ein reklameavtale med Converse. Du kan likevel nyta videoen utan å føla nokon form for kjøpepress:


(Via SPIN)

Chromeo har fått med seg La Rouxs Elly Jackson på låta «Hot Mess», men i videoen ser me ikkje så mykje til nokon av dei. To stakkars politimenn føler derimot den fallosradbrekkande kraften av ei samla gruppe politikvinner:


(Via Pigeons & Planes)

Og når me er inne på total kvinneleg dominans (verkar å vera eit tiltrekkande emne for musikkvideoregissørar?): Sjekk ut danske Under Byens video til «Unoder».


(Via Stereogum)

Pet Shop Boys er ute med ei ny samling av sine største hits, som heldigvis for fansen også inneheld ein flunkande ny singel, med navnet «Together». Videoen, som inneheld nokon veldig sjarmerande dance-offs, kan du sjå her:


(Via We Are Pop Slags)

Svenskane i jj har skjønt det – søte kids er alltid ein vinnar. Det skadar ikkje med fin pop i bakgrunnen heller:


(Via Pigeons and Planes)

Gorillaz har litt å leva opp til kvar gong dei kjem med ein ny video, men skuffar likevel sjeldan. I «Doncamatic» ser me lite av sjølve bandet, men gjestevokalist  Daley boltrar seg til gjengjeld fritt under havoverflata. Ubåtar og hipstersveis i alle kanalar – og sjølvsagt ein fantastisk låt. Albumet Doncmatic er for øvrig ute på mandag.


(Via Myspace)

Albumtrilogiar er på mange måtar greia for tida, og no slenger Damon Gough, også kjend som Badly Drawn Boy, seg på bølga. «Too Many Miracles» er henta frå fyrste del – Part 1: Photographing Snowflakes – og videoen til låta kan du sjå her:


(Via The Music Slut)

Til slutt, og med fare for å bli litt kvalm: Klaxons ferske video til «Twin Flames». Ugh.


(Via Pitchfork)

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"

Legg igjen en kommentar