Videorama!

Videorama!

Nicki Minaj, Rihanna, Beyoncé og Yelawolf – mykje digg blant vekas nye musikkvideoar. Og så D12, då.

Skrevet av:
Publisert 10:04 2 september, 2011

Det er godt å vita at i ei postapokalyptisk verd, kjem i alle fall Nicki Minaj, Rihanna og garderobane deira til å overleva. «Fly» er femte singel frå Pink Friday, og videoen ser slik ut:


(Via We Are Pop Slags)

«1+1 equals 2″, syng Beyoncé. No er ho som kjend gravid, og det riktige svaret er strengt tatt «3″. Videoen er i alle fall heit nok:


(Via Sterepgum)

Ny, dataspelinspirert video fra Yelawolf: «No Hands» er andresingelen frå det komande Radioactive.


(Via P&P)

Hei, D12 er tilbake! Videobudsjettet er ikkje heilt på plass endå, men det er jo noko med å sjå fyrar i  Beatles-t-skjorte rappe om «period blood».


(Via SKoA)
Destroyer står ifølge Lydverkets anmeldar Trine Aandahl for «et av årets vakreste popalbum». Videoen til låta «Savage Night at the Opera» er ikkje all verden, men låta er heldigvis fin.


(Via CoS)

Annie Clark, med artistnamnet St. Vincent, blir levande begravd i videoen til «Cruel», henta frå det komande albumet Strange Mercy. Sjå den hyggelege videoen her:


(Via Huffington Post)

Nydeleg video til TV On The Radios «Second Song», regissert av Mikey Please. Bandet har akkurat annonsert at dei kjem med ein ny EP 6. september, med tittelen World Cafe Live – innspelt på NPRs World Cafe.


(Via Hypetrak)

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"
 

2 kommentarer på “Videorama!”

  1. Eidsmo sier:

    bare for å sette deg litt på plass, så ble Return of The Dozen part 2 gitt ut i vår… do your research!

Legg igjen en kommentar