Videorama!

Videorama!

Frå Lady Gaga og Nicki Minaj, til Raekwon og Peaches: Her er vekas beste nye musikkvideoar.

Skrevet av:
Publisert 11:06 6 mai, 2011

Jesus og hans tolv disiplar som motorsykkelgjeng, Lady Gaga som bibelsk skjøge – videoen til «Judas» hadde premiere i går kveld. Så gjenstår det å sjå om den kjem til å skapa like store bølgjer som Madonnas «Like A Prayer» gjorde i si tid. Lady Gaga står sjølv for regien, saman med koreograf Laurieann Gibson.


(Via Billboard)

Nicki Minaj er òg akkurat ute med ny video, denne gongen til eitt av bonusspora frå Pink Friday. «Super Bass» ser me barbiedukka leika seg med sine eigen boytoys, bytta parykk opptil fleire gongar og i det heile tatt ha det ganske moro. Sjå den her:

Raekwon har lagt seg på eit hakket meir beskjedent budsjettnivå med sine videoar, og klippet til «Butter Knives» frå Shaolin Vs. Wu-Tang er ikkje noko unntak. Effektfullt er det, men ikkje håp på nokon lukkeleg slutt.


(Via Pitchfork)

Det svenske bandet Fredrik gjorde nyleg ein ganske nydeleg video, der ein fekk høyra heile deira tredje album. No er den fyrste offisielle videoen her, til singelen «Chrome Cavities». Veldig fin låt, veldig fin video.


(Via SKoA)

Team Me er klare med denne videoen til singelen «Dear Sister»,
frå deira sjølvtitulerte EP. Bandet vert å sjå på diverse festivalar i sommarmånadane, mellom anna Øyafestivalen i Oslo og Pstereofestivalen i Trondheim.

Med «Mud» har den berlinbaserte elektronikadronninga Peaches avslutta eit nesten to år langt prosjekt: Å spela inn videoar til alle spora frå I Feel Cream frå 2009. Regissør Vice Cooler gjorde det ikkje enkelt for artisten, då han gjekk for ein nokså bokstavleg tolkning av teksten. Diverre for Peaches gjekk han riktignok for gjødsel istadan for gjørme.


(Via Spinner)

Eddie Vedder – frå Pearl Jam, ja – kjem snart med soloalbumet Ukulele Songs, og under ser du videoen til singelen «Longing To Belong». Ein ukulele er ikkje uventa med i biletet, det same er bølgjer og mangt eit tankefullt ansiktsuttrykk. Ein fin video å sjå på morgonkvisten, med andre ord.


(Via SKoA)

Las Vegas-bandet Panic! At The Disco slår eit slag for skorsteinsfeiaren i sin nye video til «Ready To Go».Og kvifor ikkje? Resultatet er ganske morsomt, og sender tankane tilbake til nokre gamle Smashing Pumpkins-videoar.


(Via MTV)

Nicole Scherzinger har slått seg saman med 50 Cent på «Right There», singel frå albumet Killer Love. Fint nok, men kvifor må ho på død og liv legga til seg ein vestindisk aksent? Tviler også på at 50 Cent er så komplisert som han skal ha det til i fyrste vers.


(Via That Grape Juice)

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"

Legg igjen en kommentar