Stillbilde frå Katy Perrys

Stillbilde frå Katy Perrys "E.T."

Videorama!

Kanye West veit om ein bar på Mars, og WIN WIN lokker fram din indre epleptikar. Få med deg vekas beste nye musikkvideoar her!

Skrevet av:
Publisert 13:11 1 april, 2011

Katy Perry slår seg saman med Kanye West – er du overraska over at det enda romvesentematikk? Vel, låta vart for så vidt skrive før Kanye kom inn i biletet, men uansett: Videoen er definitivt ikkje lågbudsjett, og spesielt kostymeavdelinga bør vere nøgde med fordelinga av midler. Avsluttar med eit fantastisk nikk til gresk mytologi, som me på ingen måter såg kome.


(Via Gigwise)

Dinosaur Jr.-mann J Masci er ute med den skikkelig fine soloplata Several Shades Of Why – stream heile her! – og på singelen «Not Enough» har han fått med seg ingen ringare enn Ben Bridwell frå Band Of Horses. Videoen er ein flott animert sak, av Chad VanGaalen.


(Via TwentyFourBit)

Er du ein av dei som gler seg til Fleet Foxes kjem ut med sitt andre album i slutten av april? Tredje låt frå albumet er no ute, akkompagnert av ein video regissert av bandmedlem Robin Pecknolds bror Sean Pecknold. «Grown Ocean» heiter låta, og videoen ser du her:


(Via Stereogum)

Frå The Stroke sitt comeback-album Angles kjem andresingelen «Call Me Back». Låta er skrive av gitarist Albert Hammond Jr., og videoen er enkel og vakker:


(Via SKoA)

WIN WIN / Alexis Taylor (frå Hotchip)-samarbeidet «Interleaves» kjem no med ein eplepsianfallframkallande video på kjøpet. Kor lenge held du ut utan å blunke?


(Via SKoA)

Theophilus London er snart klar med EPen Lovers Holiday. Med seg på singelen «Why Even Try» har han fått Sara Quin frå Tegan & Sara, og videoen til låta kan du sjå her:


(Via MTV)

Brooklyn-bandet Body Language er ute med EPen Social Studies. Frå den kjem singelen «You Can», med ein svært flott Alexander Jorgensen-regissert video:


(Via Disco Naïvite)

Blink 182 lader opp til comeback, samstundes som trommis Travis Barker køyrer hardt på solokarriera. På albumet Give The Drummer Some deler han riktignok rampelyset broderleg  – som på kvasitittelsporet «Can The Drummer Get Some», med Lil’ Wayne, Rick Ross, Swizz Beatz og  Game som gjestar.


(Via Pigeons & Planes)

«This is what I wanna make, I don’t care if it sells», rapper britiske Chipmunk på Keri Hilson-samarbeidet «In The Air». Selje gjer det uansett, og her er videoen til låta:


(Via That Grape Juice)

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"

Legg igjen en kommentar