Videorama!

Videorama!

Videorama!

Jamie Woon, Calvin Harris og Alex Turner runder av veka i musikkvideoar.

Skrevet av:
Publisert 15:18 18 mars, 2011

Jamie Woons ganske fantastiske «Lady Luck» har fått sin eigen video. Den er ikkje akkurat over-the-top, men absolutt kledeleg. Syng med du òg:


(Via dynmk)

Black Eyed Peas spelte inn videoen til «Just Can’t Get Enough» i Tokyo, éi veke før katastrofa råka landet. Dei sender alle sine tankar til Japans innbyggjarar:


(Via That Grape Juice)

Alex Turner, frå Arctic Monkeys, har funne tid til å skrive filmusikk til den britiske komedien Submarine. Sjå videoen til «Piledriver Waltz» her, sjølvsagt med filmes skodespelarar i hovudrolla:


(Via SKoA)

Calvin Harris er tilbake, faktisk. Hans siste singel «Awooga» er fri for vokal, noko Harris har uttalt at kjem til å vera eit gjennomgåande trekk på hans neste album. Sjå videoen under, med konsertopptak frå ein nyleg Australia-turné.


(Via We Are Pop Slags)

Norske Bermuda Triangle er straks aktuelle med albumet Lover Computer City, og låta «You Said We Were Heroes» kjem med ein video svøpe i kledeleg futuristisk attityd.

Untitled from Karen Thommesen on Vimeo.

«San Pedro» er siste singel ut frå Mogwais Hardcore Will Never Die, But You Will. Videoen bruker rückenfiguren meir intensivt enn Caspar David Friedrich, og er i bunn og grunn ganske flott. Regissør er Antony Crook.


(Via Pop In Stereo)

Teddybears har slått seg saman med Robyn på «Cardiac Arrest». Lyrics-videoen til låta kan du sjå under.


(Via SKoA)

B.o.Bs mixtape No Genre kom ut i fjor, og no har endeleg «Dr. Aden» fått sin eigen vide. Følg med på teksten på denne, god politisk konspirasjonsteori heile vegen.


(Via Complex)

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"

Legg igjen en kommentar