Videorama!

Videorama!

Lil’ Wayne, The Strokes og Kesha er med i oppsummeringa av vekas nye musikkvideoar.

Skrevet av:
Publisert 11:49 4 mars, 2011

Hype Williams, mannen som seinast regisserte Kanye Wests «All Of The Lights»-video, står også bak Lil’ Waynes siste: «6 Foot 7 Foot», ft. Cory Gunz. Ingen Rihanna i denne, men det står me vel ut:


(Via Pigeons & Planes)

Meir Lil’ Wayne: Samarbeidet med Mike Posner, med den catchy låttittelen «Bow Chicka Wow Wow», har fått sin eigen, komplett latterlege, video:


(Via Idolator)

Skal ein la tvilen koma Take That til gode, og tru at videoen til sistesingelen «Kidz» er laga med ein god del ironi og sjangerhumor? Eller ikkje? Robbie Williams og kompisane som invaderer verda frå rommet kan slå begge vegar:


(Via We Are Pop Slags)

Petter Carlsen turnerer landet i disse dager. Her er en vakker sak fra hans nye album, Spirits in Need.

Rival Schools andrealbum Pedals er rett rundt hjørnet. Sjå videoen til singelen «Wring It Out» under!


(Via Sputnik Music)

Pigeon Detectives kjem med albumet UP, GUARDS AND AT ‘EM om ein månads tid. Videoen til singelen «Done In Secret» vart klar denne veka:


(Via SKoA)

The Strokes er definitivt tilbake, og girer for tida opp til opptredenar på Saturday Night Live i morgo, SXSW i midten av månaden og eit utsolgt Madision Square Garden i New York i april. Videoen til singelen «Under Cover Of Darkness» kom denne veka – ikkje noko banebrytande, men bra stil likevel:


(Via CoS)

Wavves slår eit slag for ekstremt bokstavleg tolking av tekst i video. I «King Of The Beach» er dei kongar på stranda – med meir eller mindre royal oppførsel.


(Via Stereogum)

Vel, kva er det å sei, Kesha? Du har einhjørningar i smoking. Du har han fyren som spelte i Dawsons Creek. Du har regnboger. Her er videoen til  «Blow»:


(Via PopCrush)

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"

Legg igjen en kommentar