Videopremiere: Torgny

Torgny og Emil Trier avsluttar sin musikkvideotrilogi med ei slåande skildring av det øvste nord. Sjå nydelege «I Came Here» for fyrste gong her!

Skrevet av:
Publisert 12:35 19 september, 2011

Samarbeidet mellom tidlegare Amulet-vokalist Torgny Amdam og regissør Emil Trier har allereie fostra to nydelege musikkvideoar: «The Only Game» og «Big Day«. Den fyrste fekk ein ikkje ufortent stor porsjon skryt for sin skildring av det norske rånemiljøet – og stakk til og med av med prisen for Skandinavias beste musikkvideo under Bergen Internasjonale Filmfestival ifjor – medan «Big Day» fulgte opp med å la sjåaren følgja ei gruppe Asker-jenter på deira siste runde med russefeiring.

Les meir: «Ambisiøs og poetisk»

Frå starten av var det klart at desse videoane skulle vera del av ein trilogi. Denne er no altså er fullført, med låta «I Came Here» som utgangspunkt. Også denne gongen vert me teke med til eit særnorsk ungdomsmiljø – videoen er filma i Kautokeino, og det visuelle slektskapet med dei to førre er openbart. Blikket for detaljar, framstillinga av indre samhald og den respektfulle skildringa av menneske er noko av det som gjer Trier sine videoar spesielt vakre, noko som kjem godt fram i «I Came Here». Å ha slåande nordnorsk natur som bakteppe skadar sjølvsagt heller ikkje.

Sjå videoen til «I Came Here» øvst i saken! Under ser du dei to andre tredelane av trilogien.

«Big Day»:

«The Only Game»:

Tags: , , , , , , ,

Del "Videopremiere: Torgny"
 

4 kommentarer på “Videopremiere: Torgny”

  1. Jon Håvard sier:

    Å, fantastisk! Håper denne blir vinner beste skandinaviske musikkvideo også! Når blir de nominerte offentliggjort?

  2. Thomas Nesgård sier:

    Har gledet meg til den siste videoen lenge. En verdig avslutning, uten tvil.

  3. [...] Les også: Videopremiere: Torgny [...]

Legg igjen en kommentar