Bjørk. Promobilete.

Bjørk. Promobilete.

Videobonanza!

Bjørk er tilbake i kjend stil og LCD Soundsystem har blitt LEGO-figurar. Sjekk ut denne vekas musikkvideoar.

Skrevet av:
Publisert 16:23 28 juli, 2011

Bjørk har nok ein gong samarbeida med regissør Michael Gondry. Goundry er mildt sagt ein kreativ fyr, viden kjend for sine eksperimentelle filmar. Han kan kallast ein pioner for si bruk av kamera, blandt anna var han med på å lage «bullet time»-teknikken, brukt i til eksempel The Matrix. Resultatet av det siste samarbeidet med Bjørk kan du sjå i musikkvideoen til «Crystalline». Dei har samarbeida fleire gonger før, første gong med musikkvideoen til »Human Behaviour».

Sjekk forøvrig ut Stereogum sin hyllest til albumet Post frå 1995. Her gjer diverse artistar sin vri på sangane, me nevner Xiu Xiu, Bell, Liars og Dirty Projectors. Kult.

Bjørk – Crystalline

Det har gått tre månadar siden LCD Soundsystem takka for seg med sin siste konsert i Madison Square Garden. Nå har ein fan laga ein remake av musikkvideoen til «All My Friends», der James Murphy har blitt erstatta av ein LEGO mann med sminke og smoking. Den fingerferdige LCD-tilhengjaren heiter Michael J. Green, og han har kombinerar fysiske LEGO-menn med animasjon og spesialeffekter. Videoen er altså ein nøyaktig kopi av originalen… ja, berre med LEGO. Start videoane på likt og fryd deg!

«Det er ein hyllest til bandet som ikkje lenger fins» skreiv Green på YouTube.

LCD Soundsystem – All my Friends LEGOversjonen

Originalen:
LCD Soundsystem – All my Friends

Emeli Sandé er framleis ukjend for dei fleste, men fleire har fått augene opp for henne etter utgivinga av låten «Heaven». Songen har blitt samanlikna med musikk av Massive Attack. Nå er videoen klar.

Emeli Sandé – Heaven

Vivian Girls’ har laga video til «Take It as It Comes» frå albumet Share the Joy. Regissør Travis Peterson har laga video som matchar retro-lyden på songen. Kjenner du ikkje til Vivian Girls, men vil høyre meir? Du kan sjå dei på John Dee laurdag 30 juli.

Vivian Girls – Take It as It Comes

“Bad Street” frå The Twin Sister sitt siste album har fått video. Føler du at sommaren ikkje har kicka heilt inn enda, vil kanskje denne upretensiøse musikkvideoen hjelpe på. Her er det meksikansk hagefest som varer til dei små timar med Chili con carne, piñatas, stjerneskot, dansing, basseng og sterke fargar.

Sjå Twin Sister – Bad Street her.

Det britiske bandet Wild Beasts har laga musikkvideo til «Bed of Nails» frå sin siste LP, Smother. Smother er deira tredje album. Deira forrige album Two Dancers vart nominert til Mercury-prisen og var ein klar kritikar-vinnar. Bandet legg straks ut på ein lengre turne. Du kan få dei med deg på Parkteateret i Oslo 7. desember.

Wild Beasts – Bed of Nails

Ellie Goulding har laga ein ny video til «Starry Eyed». Den britiske songerinna skal gjere det stort i USA, og har difor laga video mynta på det amerikanske markedet. Så gjenstår det berre å sjå om amerikanarane bit på.

Ellie Goulding – Starry Eyed

Noel Gallagher er ute med første singel etter brotet med Oasis. Her kan du sjå den underlege, men flotte videoen til «The Death of You and Me». Albumet Noel Gallagher´s High Flying Birds, er ute i midten av oktober.

Noel Gallagher – The Death of You and Me

Fredag vart Noreg ramma av det utenkelege. Maria Mena la ut songen «Mitt lille land» av Ole Paus. Snart etter kom denne videoen med bileta me håpa me aldri skulle få sjå.

Maria Mena – Mitt lille land

Del "Videobonanza!"
 

4 kommentarer på “Videobonanza!”

  1. petter sier:

    Noel gallagher burde vært nevnt her. The death of you and me. Fantastisk låt og video

  2. Takk for tips! Nå er også den tatt med:)

  3. David sier:

    Dere gikk og glipp av denne: http://vimeo.com/26836795

Legg igjen en kommentar