Verdas kulaste musikar…

Verdas kulaste musikar…

…er ei 19 år gamal jente frå New York, ifølgje britisk musikkpresse. Sjå kven ho er, og kven ho har danka ut, her.

Skrevet av:
Publisert 13:44 24 november, 2011

Årsbeste-sesongen 2011 er så vidt sparka i gang, men britane i NME er som vanleg tidleg ute. Deira årlege «Cool List» er nok ein gong på plass, og gjer akkurat det namnet lovar: rangerer aktuelle artistar etter ein litt udefinert kulhetsskala.

Ta ein nærmare kikk på fjorårets liste her!

Etter å ha plassert folkartisten Laura Marling på toppen av haugen i fjor, er det i år ein meir urban vind som har blåst gjennom NMEs redaksjonslokale; den 19 år gamle rapparen Azealia Banks frå New York er etter alt å døma hakket meir gatesmart enn Marling, og har også vippa sistnemnde ned frå fyrsteplassen (og topp ti for øvrig, faktisk. Coolness er ei forgjengeleg greie).

Banks er for tida utan platekontrakt, etter ein aldri så liten konflikt med XL, og elev på «Fame»-skulen LaGuardia (der Nicki Minaj for øvrig òg har gått). NME skildrar ho som halvparten Cher frå Clueless, halvparten Lil’ Kim, noko som utan tvil er ein potent blanding.

I kor stor grad ei slik liste er kul i seg sjølv, kan sjølvsagt diskuterast. Men det er i alle fall hakket meir interessant enn at Rolling Stone kårar Jimi Hendrix til tidenes beste gitarist for n’te gong. Me registerer at både Liam Gallagher (kulare enn Noel? Det kan sjå slik ut), Florence Welch (rødt hår er framleis heitt) og Dave Grohl (som ein kan snika inn på dei aller fleste lister) figurerer på framsida, utan at dei av den grunn har greidd å koma seg inn på topp ti. Kven som derimot har gjort det les du under. Ein ting er sikkert: det er kult å vera mann og spela i band.

1. Azealia Banks

Usignert kvinneleg rappar frå Harlem – definitivt ikkje allemannseige endå, men kul er ho. Hennar sjølvutgitte «212″ har gått sin virale sigersgang denne hausten, og det er kanskje ikkje så rart: Den er grov som pokker, klubbvennleg, og Banks skiftar musikalsk personlegdom like raskt som du greier å sei «fin Mikke Mus-gensar». Sjå opp for Nicki Minaj-samanlikningar, med andre ord.

2. Jarvis Cocker

Etter årets Øya-konsert var det nok av dei som var einige om at det var fullt mogleg at Pulp-frontmann Jarvis Cocker var verdas kulaste (Lydverkets anmeldar var definitivt blant dei). NME er ikkje heilt overtydd, men andreplass er jo svært så hederleg.

3. Honor Titus

Frontfigur i New York-gruppa Cerebral Ballzy, som har skjønt at det alltid er kult å synga om at ingen kan fortelja deg kva du skal gjera.

4. Serge Pizzorno

Så var visst ikkje Kasabian årets kjedelegaste band likvel, då. Eller, vent…

5. Tom Meighan

To plasseringar til Kasabian, var det visst.

6. Lana Del Rey

Hadde utvilsamt fyrsteplassen i lomma heilt til diverse nettsider (kremt) byrja å masa om plastiske operasjonar og dekkoperasjonar.

7. Rhys Webb

Spørs om The Horrors-bassisten hadde kome så høgt opp på lista då han framleis kalte seg Spider Webb.

8. Theo Hutchcraft

Best kledd på lista? Hurts-frontmannen gjev i alle fall dei aller fleste skarp konkurranse.

9. Matt Helders

Lydverkets anmeldar var ganske så positiv til Arctic Monkeys’ siste album, og no får endeleg trommeslagaren det fokuset han fortener. Up yours, Alex Turner.

10. Ellery Roberts

Det er alltid kult å framstå mystisk, og likna litt på James Dean i same slengen. WU LYF-vokalist Ellery Roberts gjer begge deler med eleganse (men kanskje ikkje så mykje sjarm. Jf. årets Øya-gig).

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Verdas kulaste musikar…"
 

21 kommentarer på “Verdas kulaste musikar…”

  1. Ikke glem at Azealia Banks spiller på Blå Torsdag 15. desember da.

  2. Ikke glem at Azealia Banks spiller på Blå Torsdag 15. desember da.

  3. Anonym sier:

    Endel av oss blir noe svett av journalisters hang til å knytte alt opp mot «kuleste», «beste», «verste», «dårligste», «råtneste», «mest harry», «heteste», «feteste» osv. For det første er det uklare begrep som ikke forsøksvis engang er definert, for det andre gir de ingen mening i seg selv – spesielt ikke på kulturfeltet. Journalistene måtte også hatt en enorm oversikt over verdens kultur – hvilket de ikke har. Men når deres verden er begrenset til indie-rock på Grünerløkka og London er det kanskje forståelig?

    I en verden av drit er det vanskelig å få øye på søppelet.

  4. Lurer fortsatt på hva som er kult med… »19 åringen»? Kanskje litt søtere enn Nicki Minaj. Men det er jo alt. 

  5. Lurer fortsatt på hva som er kult med… »19 åringen»? Kanskje litt søtere enn Nicki Minaj. Men det er jo alt. 

  6. Jonas Brenna sier:

    For noen sure muser dere er:)

    Dama er jo driitfet!?

    Skulle stått først i køen på Blå hadde jeg vært i byn den 15.

  7. Jonas Brenna sier:

    For noen sure muser dere er:)

    Dama er jo driitfet!?

    Skulle stått først i køen på Blå hadde jeg vært i byn den 15.

  8. Anonym sier:

    Azealia Banks! Makan til guts er det lenge siden jeg har sett. For et potensiale, gleder meg som bare f til albumet kommer.

  9. Anonym sier:

    Azealia Banks! Makan til guts er det lenge siden jeg har sett. For et potensiale, gleder meg som bare f til albumet kommer.

  10. Anonym sier:

    Azealia Banks! Makan til guts er det lenge siden jeg har sett. For et potensiale, gleder meg som bare f til albumet kommer.

  11. Anonym sier:

    Jojo, ung pike med grovis-tekst. Manne-gutta fikk seg en hard en der, ja. 

    Men hun har da aldeles mye klær på? 

  12. Hvilket instrument spiller hun? Noe må hun da kunne.. Det eneste hun gjør er jo å snakke på denne videoen. Tal Wilkenfield er et råskinn på bass forresten..

  13. [...] frå Harlem, som ifølgje NME er årets kulaste artist, vart nyleg stadfesta til neste sommars Øyafestivalen i Oslo – eit greit plaster på såret [...]

  14. [...] Banks – 212 Kulest i verden? The Stone Roses – This Is The One The Stone Roses til Øya! J Cole – Lights Please [...]

Legg igjen en kommentar