Lykke Li kjem til Lydverket denne veka.

Lykke Li kjem til Lydverket denne veka.

Vekestart!

Alt det som skjedde ute den store musikkverda medan me var på by:Larm – frå Kanye West til Britney, Lykke Li til Radiohead.

Skrevet av:
Publisert 11:04 21 februar, 2011

Helga og by:Larm er forbi, og Lydverket er klare for ei ny veke. Men før me blar om til heilt blanke ark, lat oss ta ein kikk på kva som har skjedd ute i den store verda medan me sprang fram og tilbake i konserttåka.

Kanye West har endeleg sluppe den etterlengta videoen til «All Of The Lights». Resultatet er…litt skuffande. Kor er Elton John? Kor er Ellie Jackson? Pokker heller, kor er Fergie? Puppane til Rihanna er i det minste på plass, det same er Kid Cudi og sjefen sjølv. Hype Williams står for regi.

Ein annan video det har vore knytt store forventingar til, er Britney Spears sin Jonas Åkerlund-regisserte «Hold It Against Me»-video. Tanken verkar å vera ein slags metavideo, som fangar ikonet Britney i aksjon. Men er det fleire som syns ho ser merkeleg ukomfortabel ut med heile situasjonen? Lukk auga for produktplassering og døm sjølv:

Radiohead bestemte seg for å gje ut sitt nye album The King Of Limbs eit døgn før planlagt, det vil seie førre fredag. Ein video dukka òg opp i løpet av helga, til låta «Lotus Flower». Sjå Thom Yorke danse her:

Du kan høyra heile The King Of Limbs her:


(Via SKoA)

På torsdag 21.30 på NRK 2 kan du sjå Lykke Li spele live under Lydverkets tv-sending. Som oppvarming kan du her høyra endå eit spor frå Wounded Rhymes, med namnet «Love Out Of Lust»:

God mandag, alle saman!


Tags: , , , , , , , , ,

Del "Vekestart!"

Legg igjen en kommentar