USA festar på Osamas grav

USA festar på Osamas grav

Amerikansk patriotisme har, ikkje uventa, fått ein oppsving etter gårsdagens hending i Pakistan. Kva låtar dannar det uoffisielle soundtracket til feiringa? Finn ut her!

Skrevet av:
Publisert 15:49 3 mai, 2011

Nyhenda om drapet på Osama Bin Laden traff i går media som ei fyrstikk i ein bensintank. Nettaviser, radiostasjonar og, ikkje minst, Twitter vart på kort tid  fylt til randen av detaljar, analyser og synspunkter på det som hadde skjedd, og over heile USA braut det ut feiringar og gatefestar. Og der det vert feira, der er det også musikk. Me tek ein kikk på Amerikas lydspor det siste døgeret.

Det kjem vel ikkje som noko sjokk, men låtar med «USA» i tittelen scorar høgt når ein uttalt siger til land of the free, home of the brave skal markerast. Rett etter president Obamas tale til nasjonen, då borgarar frå alle verdshjørne kasta seg over tastatura sin for å dela, kommentera, og jubla over situasjonen, var det éin låt som fekk ein brå oppsving: Miley Cyrus sin «Party In The USA». Om dine eigne tankar då du høyrte at verdas mest ettersøkte terrorist var skoten av amerikanske spesialstyrkar utan rettergang ikkje var å setta på ein Miley Cyrus-låt, er det for så vidt forståeleg. Men dette var ikkje tida for djupsindige tekstanalyser: Ei populær popstjerne syng om USA, og fest. Av og til er det  alt som skal til.

Ei eige Facebook-gruppe, som utroper «Party In The USA» til «Funeral Song Of Osama Bin Laden», har sågar blitt oppretta. Men, som ein av dei 11 000 menneska som har trykka på Like-knappen påpeiker: «haha no funeral; there just dumpin his body in the ocean lol :P «

«Ding Dong The Witch Is Dead», henta frå filmen Trollmannen fra Oz, har òg vore  ein gjengangar i Twitter-feeden det siste døgeret. Det passar i grunn ganske godt – dvergane frå eventyrlandet var vel dei siste som satte i gang ein lystig feiring av nokons død.

Også amerikanske radiostasjonar markerte den vellukka militæroperasjonen gjennom musikk. Ray Charles sin «America The Beautiful» og ulike versjonar av nasjonalhymna var gjengangarar – for ikkje å gløyma Lee Greenwoods «God Bless The USA». Denne låta opplevde også ein renessanse i 2001, då den etter 11. september flaug inn på 16. plass på den amerikanske Billboard-lista.

Ein låt som har det med å dukka opp når amerikanarane kjenner seg ekstra patriotiske, er Bruce Springsteens «Born I The USA». Og like ofte som dette skjer, vert det påpeika at låtas innhald knapt kunne ha vore dårlegare eigna til eit slikt formål. Men igjen: Tekstanalyse kan ikkje alltid bli satt i høgsetet.

Men det er ikkje alle som nøyer seg med å spele gamle låtar som i større eller mindre grad passar til høvet – ny musikk må også skapast. Hot Rod, som inntil nyleg var signert på G-Unit, har tatt saken i eigne hender, med låta «Osama Bin Laden Is Dead». Tekstlinjer som «Osama is dead, so now we can have a good time» og coverarten er i seg sjølv nok til å få deg til å lengta etter Miley – og då har me ikkje ein gong nevnt beaten.  Var det dette Lars Vaular kunne blitt om det hadde gått skikkeleg, skikkeleg ille? Lat oss ikkje utforske den moglegheita.

Hot Rod har, ifølge hans eigen Twitter-konto, mottatt dødstruslar etter at han slapp låta ut på nettet. Men som han sjølv seier: «Shoutout to all the people saying they hate my Osama song… I’m sorry your leader passed away… My condolences».

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "USA festar på Osamas grav"
 

8 kommentarer på “USA festar på Osamas grav”

  1. Tykje sier:

    Ja før de festa heilt sikkert ikkje til denna låta av Immortal Technique:
    http://www.youtube.com/watch?v=WA_xXWSXyFI

  2. Anders sier:

    «Bruce Springsteen er fra Canada» -Tore Sagen, Radioresepsjonen

  3. Tilskuer sier:

    Det er greit at de feirer nå, skal bli spennende å se hvor mange ekstra sikkerhets kontroller det blir ut av dette når de begynner frykte nye terror aksjoner mot seg selv. Da er jo hele verden terrorister uansett religion eller annen retning.

    Muslimer er jo en ting men gutta med «I am american» og stor tyggegummi er jo noen puslinger når de føler seg utrygge, det er jo ikke baller i dem. Bare en stor kjeft og en stor sitte muskel etter mange passeringer av drive through slusen på mac donald

  4. Hege sier:

    Flott musikk, men jeg savner innvandrerkvinnenes rytmiske vagging fra NAV-kontor til sitt stolte hjem!!!!

  5. Anonym sier:

    Team America sangen er jo best da!
    http://www.youtube.com/watch?v=IhnUgAaea4M

Legg igjen en kommentar