Jason Mraz. Foto: Promo/Bil Zelman

Jason Mraz. Foto: Promo/Bil Zelman

Jason Mraz - Love Is A Four Letter Word

Trist å vera glad

Jason Mraz gjer deg popmusikk du ikkje har bruk for. På nokon som helst måte.

Skrevet av:
Publisert 20:00 16 april, 2012

«It’s our godforsaken right to be loved loved loved loved loved,» erklærte Jason Mraz, då han i 2008 stupte inn på hitlister verda over med stråhatten fyrst. Det kan verka som han framleis er av den oppfatning. Med sitt fyrste studioalbum sidan gjennombrotslåta «I’m Yours» inspirerte eit ukristeleg tal med ukulele-drivne coverversjonar, har Mr. Mraz dekka bordet til feiring – av livet, kjærleiken, fuglekvitter og bølgjeskvulp.

Dersom du framleis har kvalmen i sjakk, kan det avslørast at resultatet er omtrent like sjarmerande, subtilt og ektefølt som ettermiddagssendingane til Disney Channel – reklamepausar inkludert. Med eit dårleg skjult ynskje om å vera soundtracket til akkurat din sommar, vassar Mraz rundt i ein strandkant der popklisjeane kjem drivande i hopetal, og solnedgangane er mest evigvarande. Ikkje eit vondt ord om musikk som får fram kjensla av sand mellom tærne – verre er det med den sorten som gjer deg sand i trusa.

Men greitt, lat oss ta det frå byrjinga. Love Is A Four Letter Word er resultatet av eit samlivsbrot, utan at dette har hatt noko som helst effekt på artistens tru på den evige kjærleiken. Faktisk er det ganske imponerande at den andre parten i det no avslutta forholdet greidde å koma seg unna i det heile tatt, då Mraz sine antenner for når det er på tide å setja strek verkar ikkje å vera spesielt velutvikla. Som han seier på «The Woman I Love»:  «Maybe I annoy you with my choices / but you annoy sometimes annoy me too with you voice / but that ain’t enough for me to move out and move on». Eller, kanskje endå meir illustrerande:

«I Won’t Give Up»:

Florlett surfpop, forsøkt krydra med nokre spreidde forsøk på kommers-country og (grøss) soul, er den musikalske oppskrifta Mraz går ut ifrå. Med openbare allsongskonstruksjonar av typen «Everything Is Song», er det lett å forstå kva han har tenkt. Problemet er berre at brorparten av låtmaterialet lir under ein sviande mangel på originalitet – på alle plan.

Til trass for nokre svippturar innom kjærleikssorgas smådeppa hjørne, er gjennomgangstonen på albumet optimistisk på grensa til det maniske. Kombinert med ei usedvanleg lite kritisk tilnærming til tekstforfatting, er det ikkje rart at resultatet vert både smertefullt, pinleg og komisk. Opningssporet «The Freedom Song» (smak litt på den tittelen), som til alt overmål har fått sin eigen lyrics-video, forklarar det heile betre enn det underteikna er i stand til.

«The Freedom Song»:

http://www.youtube.com/watch?v=EjTXosaNiCI&ob=av2e

Gudane veit at me kan få bruk for nokre porsjonar feel good-popmusikk i månadane framover, men tru meg når eg seier at Jason Mraz ikkje er vår mann. Love Is A Four Letter Word er eit album lett som ein kork, og bør ikkje ha noko problem med å driva vekk på bølgjene.

Maria Horvei

Tags: , , , ,

Del "Trist å vera glad"
 

1 kommentar på “Trist å vera glad”

  1. Ruff Stålseth sier:

    Må si meg sjokkert over manglende kunnskap fra anmelderen her.

    For det første slo Jason Mraz gjennom med et meget godt debutalbum i 2002, som kom så høyt som 5.plass på billboardlistene. For det andre er åpningssporet, the freedom song, en coverlåt. Sangen ble skrevet i etterkant av Luc Reynard etter katarina-stormen i USA. Han har tatt den med som en tribute. 

    Ingen problemer med at musikken slaktes nedenom og hjem (har selv enda ikke hørt albumet). Men synes at artisten blir feil fremstilt mtp fakta og motivasjoner. 

Legg igjen en kommentar