- Stopp «Free Earl»

- Stopp «Free Earl»

Fans av Odd Future kan slappa av: Det sakna medlemmet Earl Sweatshirt er lokalisert, og han har det fint. Berre slutt å plage mor hans, er de snille.

Skrevet av:
Publisert 23:31 16 mai, 2011

Hip hop-kollektivet Odd Future har klatra oppover ein bratt popularitetsstige dette året, og for kvart einaste trinn på ferda har ropet «Free Earl» runga med stadig større gjenklang i deira vaksande fanskare. Earl Sweatshirt, ein av gruppas medlemmer, har nemleg vore sakna frå Odd Futures rekker heilt sidan suksessen byrja å ta form. Fyrst no kjem fyrste livsteikn frå 17-åringen, og alt han har gått glipp av til trass: Han verkar å ha det bra.

Forklaringane på Earls fråver har fram til no vore mange, frå fengselsopphald til kostskule, men dei fleste har peika på ei lite forståelsesfull mor som årsåka til problemet – sonens forskrudde tekstar skal ha vore nok til at ho skal ha sendt han langt av garde, vekk frå resten av gjengens påverkningskraft. Musikkmagasinet Complex greidde førre månad å lokalisera Earl på ein skule for gutar med, ehm, forbetringspotensial på Samoa, noko som støtta opp under bekymra-mor-teorien, men ringledar Tyler, The Creator nekta hardnakka for at dette var tilfelle.Frå Earl sjølv hørte ingen noko,

No verkar det likevel som magasinet New Yorker har greidd å stikka hol på mytene. Journalisten Kallefah Sanneh har over fleire månadar arbeida med saken, og han har til og med fått Earl, som faktisk heiter Thebe Neruda Kgositsile, i tale via e-post. Og jadå, han er på Samoa. Men nei, det var ikkje mora som sendte han dit mot hans vilje. Riktignok ynskja ho å skjerma sonen frå den typen publisitet han fekk heime, men sjølv hevdar Earl at det var for det beste:

- Månadane før eg reiste var berre kaos for meg (…) Eg har måtte vakse opp sidan eg reiste, så perspektivet mitt har naturlegvis endra seg.

Han kommenterer òg «Free Earl»-kampanja som resten av Odd Future og fansen har drive medan har vore vekke. Litt ambivalent til den, gitt: Sjølv om han i utgangspunktet var smigra over omtanken, vart det etterkvart ein smule ubehageleg:

- Fyrst var eg veldig nøgd med at alle desse menneska ynskja at eg skulle bli satt fri, og eg trudde det kunne oversettast til «dei bryr seg». Men etter kvart som tida gjekk og fanskaren vart større og «Free Earl»-ropet høgare,gjekk det over til eit knapt indirekte «Faen ta mora til Earl.» På eit augeblikk endra bekymringane mine seg frå «kjem hypen til å vera der når eg kjem tilbake,» til «Å shit, eg har inspirert ei bølga av menneske som er dedikert til mi mors undergang.»

Han ber så folk vennleg om å avslutta kampanja. Han kjem til å koma heim, men ikkje før han sjølv er klar, seier han.

Tumblr-kontoen Free Earl har sagt ha det – kva gjer du med di t-skjorte?

Tags: , , , , ,

Del "- Stopp «Free Earl»"
 

2 kommentarer på “- Stopp «Free Earl»”

  1. niklas sier:

    Hele artikkelen til The New Yorker kan lastes ned på http://rektorskontor.no

  2. s sier:

    han heter thebe

Legg igjen en kommentar