Smalt, galt, genialt
The Rapture - In The Grace Of Your Love

Smalt, galt, genialt

The Rapture går laus på tunge tema med dansbare beats på sin tredje fullengdar. Resultatet er høgst tiltrekkande.

Skrevet av:
Publisert 19:42 5 september, 2011

Det har ikkje alltid vore så enkelt å vera The Rapture. Dei (tidlegare) post-punk /dance-punk-spydspissane har to svært så solide fullengdarar bak seg – Echoes (2003) og Pieces Of The People We Love (2006) – men har likevel ikkje heilt fått lov til å surfa på den danseglade, sjangereklektiske bølga dei sjølv var med på å starta. Ein virvelvind av medlemsskifte, plateselskapsurr og personlege tragediar har også vore medverkande årsaker til at In The Grace Of Your Love kjem ut fyrst fem år etter førre album. Heldigvis har det vore verdt ventetida.

Bodskapen til In The Grace Of Your Love er ved fyrste gjennomlytting tvetydig: Det er mindre punk og dommedag å spora på lydbiletet til In The Grace Of Your Love, utan at innflytelsen frå dance og disco er blitt tilsvarande dempa. Samstundes er eit tematisk blytungt album, med tekstar som krinsar kring død, kompliserte familieband, smerteleg kjærleik og ei kjensle av svik. Singelen «How Deep Is Your Love?», med sin friske miks av house, gospel og saksofon, tente som ein tidleg peikepinn for eit album som konstant vert drege i ulike himmelretningar – utan at det av den grunn verkar som kompasset er øydelagt.

«How Deep Is Your Love»:

Det kan verka som om bandet med dette albumet ynskja å byggje eit så sterkt musikalsk rammeverk at det tåler å bli fylt kva det skulle vera. Låtane bevegar seg mellom det halsbrekkande psykedeliske, det drivande dansbare og det intenst konfronterande. Fleire gongar er Phoenix, Yeasayer og MGMT eit fornuftig samanlikningsgrunnlagikkje minst på låtar som «Miss You», «Never Die Again» og «Children» – medan avlutningslåta «It Takes Time To Be A Man» oppsummerar albumets bodskap i ein hakket meir dempa, og hakket meir optimistisk, tone.

«I Takes Time To Be A Man»:

In The Grace Of Your Love er potensielt polariserande, men det er noko voldsomt tiltalande med vokalist Luke Jenner og resten av bandet sitt prosjekt. Vektskåla vippar tidvis mellom det avskrekkande og det medrivande, men Jenners musikalske sjenerøsitet og raffinement er tungtvegande lodd i det sistnemntes favør. In The Grace Of Your Love er i det heile tatt eit svært sjølvsikkert – og vellukka – album.

Maria Horvei

Heile albumet kan streamast hjå The Guardian. Det er òg tilgjengeleg i Wimp og Spotify.

Tags: , , , ,

Del "Smalt, galt, genialt"
 

1 kommentar på “Smalt, galt, genialt”

  1. [...] Deep Is Your Love” frå fjorårets strålande In The Grace Of Your Love har kanskje eit hook som sender tankane i ufrivillig retning av Sisqos [...]

Legg igjen en kommentar