http://www.nrk.no/lydverket/wp-content/uploads/2011/01/sleighbells2.jpg

http://www.nrk.no/lydverket/wp-content/uploads/2011/01/sleighbells2.jpg

Sleigh Bells + Beyoncé?

Stjernemøte i studioet til Diplo. I kveld går bandet på scena i Oslo – mest sannsynleg aleine.

Skrevet av:
Publisert 15:49 26 januar, 2011

Produsent Diplo, som tidlegare har jobba med mellom andre M.I.A, avslørte i går at han har hatt besøk av Sleigh Bells og Beyoncé i studio. Riktignok kunne han ikkje sei noko sikkert om kva som skulle kome ut av samarbeidet, om noko i det heile tatt, men ryktene begynte uansett å svirra.

Då Lydverkets reporter Rannveig Falkenberg Arell hadde bandet på tråden seinare på dagen, var det naturleg å snika inn eit spørsmål om saken.  Gitarist og låtskrivar Derek Miller såg det koma, men var forsiktig med å bekrefta noko særleg meir enn det som allereie er kjend.

-Eg kan ikkje sei så mykje om det, for å væra ærleg – det er alt for tidleg. Men ja, det er noko på gang. Så får me sjå kva som skjer.

At superstjerner samarbeider, men sliter med å finna tid til å fullføra prosjektet, er ikkje noko nytt. I kveld speler uansett Sleigh Bells det som kan bli ein fantastisk konsert på Blå i Oslo – sjølv om Beyoncé neppe dukkar opp.

Les Lydverkets anmeldelse av debutplata Treats her!

Tags: , , , , ,

Del "Sleigh Bells + Beyoncé?"
 

3 kommentarer på “Sleigh Bells + Beyoncé?”

  1. [...] “Single Ladies (Put A Ring On It)”. Artisten har også vært i studio med artister som Sleigh Bells, men om resultatet av dette kommer med på albumet vites fremdeles [...]

  2. [...] andrealbumet for Florida-duoen Sleigh Bells, som slo gjennom så det sang med Treats i 2010. Om Beyoncé blir å finne på bidragsyterlista, vites [...]

  3. [...] Ryktene går om Sleigh Bell og Beyonces samarbeidsprosjekt med Diplo, men inntil noko handfast dukkar opp frå den kanten kan du sette på produsentens remix av “Tell ‘Em” frå Sleigh Bells Treats. [...]

Legg igjen en kommentar