My Morning Jacket. Foto: Promo

My Morning Jacket. Foto: Promo

Rock brûlée

I det siste har fleire rockestjerner fått seg eit kulinarisk sideprosjekt: Matblogging.

Skrevet av:
Publisert 14:44 7 juli, 2011

Me har blitt vant til rockestjerner som fortel oss alt om sine daglege sysler gjennom Twitter. Dei tek bilete av seg på badet, flørtar med kjærestar for åpent galleri, fortel om turné-livet og ikkje minst fortel dei om maten dei et. Nokre musikarar elskar mat så høgt at dei treng meir enn 140 ord for å beskrive det. For Jim James frå My Morning Jacket og Mike D frå Beastie Boys er neste steg matblogging!

Tidlegare i år laga Jim James og M. Ward frå indie supergruppa Monsters of Folk, Creme Bru-Log, ein blogg som hevdar å vere ”ei onlinekjelde for kritikk og smaking av crème brûlée frå heile verda!”.

- Me var store crème brûlée-fans og bestilte det heile tida. Me tulla masse med at me skulle lage ein Crème Bru-Log, for namnet er så bra, fortel James til Spinner. Når duoen til slutt fekk starte opp bloggen, fekk dei masse trivelige tilbakemeldingar frå både mat- og musikkentusiastar.

- Eg har lese bloggen, og elskar den seier Matthew Hickey, som starta Turntable Kitchen. Han mistenker at det har vært mange feinschmekkere der ute i musikkmiljøet, men meiner blogging og sosiale medier, gjer alt meir tilgjengeleg.

Turntable Kitchen er ein matblogg for musikkfolk, eller musikkblogg for matfolk om du vil. Dei dekker musikk side om side med oppskrifter og dei anbefalar kva album som går med kva mat. Det siste albumet til The Antlers skal for eksempel passe perfekt til grilla rabarbra.

Franz Ferdinands Alex Kapranos har skrive i matspalte for The Guardian. Dette resulterte i boka Sound Bites: Eating on Tour with Franz Ferdinand.

The Beastie Boys rappa om Châteauneuf-du-Pape i «Body Movin’». Neppe tilfeldig, Mike D skriv nemleg med stor pasjon om vin på jamessuckling.com. Her kan du lese om vin med «refined funk» og «long-ass finish». Dette er ikkje ei ny interesse, han har lenge vore oppslukt av vin, har vinkjellar i Chelsea og kjem frå ein svært vininteressert familie. Kona hans, regissør Tamra Davis, har eit eige kokeprogram på nettet. Her har blant anna trommaren i Interpol, Sam Fogarino, lært vekk korleis ein skal koke perfekt spagetti.

Det heiter seg at god mat er bra for moralen, det kjem godt med for musikarar på vegen.

Sjå Sam Fogarino koke spagetti og Mike D smake vin her:

Tags: , , , , , ,

Del "Rock brûlée"
 

2 kommentarer på “Rock brûlée”

  1. Krank sier:

    Steve Albini har en særdeles bra matblogg. Sånn til orientering altså.

  2. Elisabeth sier:

    Gitaristen i Eskobar har også en fin en:

    http://blogg.alltommat.se/lyxlagat/

Legg igjen en kommentar