MTV logo

MTV logo

MTV 30 år

Her kan du sjå musikkvideoane som forma ein heil generasjon. “Ladies and gentlemen, rock and roll”.

Skrevet av:
Publisert 15:04 1 august, 2011

MTV hadde si første sending 1. August 1981 klokka 12.01 med orda: “Ladies and gentlemen, rock and roll”. Det har altså gått 30 år, og MTV har forandra måten me tenkjer og ser på musikk og popkultur.

Dei første bileta som vart sende på MTV var av oppskytinga av Apollo 11, som vart fulgt opp av musikkvideoen til songen ”Video Killed the Radio Star” av The Buggles.

The Buggles – Video Killed the Radio Star

MTV hadde som intensjon å spele musikkvideoar 24 timar I døgnet, sju dagar I veka. Platebransjen vart snart heilt avhengig av MTV, som blei deira viktigaste redskap for å nå ut til massene. Artistar vart difor tvinga til å omfavne det nye mediet eller å pensjonere seg.

I 1983 kom den musikkvideoen som av mange vart kalla den mest innflytelsesrike musikkvideoen gjennom tidene, “Thriller” av Michael Jackson. Videoen varte i heile 14 minutt, skal ha kosta $500.000. «Thriller» satt ein ny standard for musikkvideo-produksjon. Denne videoen fekk også, saman med tidlegare videoar til songane ”Billy Jean” og ”Beat It”, mykje å seie for afro-amerikanske artistar på MTV. Fleire røyster hevda MTV var rett ut diskriminerande. Ein av desse var Rick James, som hevda at kanalen nekta å spele musikkvideoen til songen hans ”Super Freak” og videoane til andre afro-amerikanske musikarar, og at dette var eit utslag av rasisme.

Michael Jackson – Thriller

In 1985 lanserte MTV kanalen VH1, som spela rolegare musikk og som hadde ei eldre målgruppe. MTV Europe såg dagens ljos i 1987, og i 1991 kom også MTV Asia til.

A-ha er det norske bandet som har gjort størst suksess på MTV. Den breie eksponeringa dei fekk på MTV med musikkvideoen til songen «Take on Me», gjorde at dei klatra heilt til topps på the Billboard Hot 100 i 1985. Musikkvideoen er regissert av Steve Barron, som også står bak musikkvideoen til «Billy Jean» og «Money for Nothing». Videoen viser A-ha som animerte blyant-skisser i eit teikneserieblad, kombinert med «live» bilete av bandet. Musikkvideoen til «Take On Me» vart ikkje berre ein suksess på grunn av dei banebrytande filmtekniske finessane, men vart også elska av ungdommen for si romantiske historie. Den unge kvinna som snik seg til å lese den skumle teikneserien vart dratt inn i teikneserieverda der ein skummel motorsykkel-gjeng står klare til å gjere fæle ting. Videoen vann seks prisar og var nominert til to andre på MTV Video Music Awards i 1986.

A-Ha – Take on Me

Get More: 2011 VMA, Music

Den første songen som vart spela på MTV Europe var ”Money for Nothing” av Dire Straits. Songen hadde kontroversiell tekst, ein revolusjonerande musikkvideo som nytta data-animasjon og ein camero-opptreden av Sting, som i byrjinga av songen syng ”I want my MTV”. Sting var også med å skrive songen saman med Mark Knopfler.

Dire Straits – Money for Nothing

Musikkvideoen til «Sledge Hammer av Peter Gabriel frå 1986 skal vere den mest spelte videoen gjennom MTV si histore. I «Sledgehammer» vart det brukt spesialeffekter og animasjonsteknikk utvikla av det britiske studioet Aardman Animation (som også står bak Wallace and Grommit). Gabriel skal ha ligge under ei glasrute i 16 timar mens videoen vart filma ei ramme om gongen. Musikkvideoen vann ni prisar på MTV Music Awards, ein rekord som framleis står seg.

Peter Gabriel – Sledge Hammer

I denne samanhengen er det umogleg å komme unna Madonna. Ho benytta seg av kanalen frå første stund, og utnytta kanalens potensiale til det fulle. Tittelsporet på albumet Like a Prayer var nok den songen som skapa mest kontrovers, men musikkvideoen til songen fekk mest omtale. Filmen er ein slags ny-verson av Fritz Lang sin klassiske film Metropolis og den unge regissøren David Fincher (seinare kjend for filmar som Alien, Se7en og Fight Club ) stod for regien.

Madonna – Express Yourself

I ei tid der den eine musikkvideoen skulle overgå den andre, kom ein kjærkomen pause. Den enkle og intime musikkvideoen til «Nothing Compares to You» med Sinéad O’Connor gjorde sterkt inntrykk. Songerinna ser direkte inn i kamera mens ho syng om kjærleikssorga me alle har kjent på. Songen er skriven av Prince, men det var O´Connor og ikkje minst denne musikkvideoen som gjorde den til ein monsterhit i 1990. Alle som hugsar denne når den kom ut vil spesielt hugse slutten, når to tårer renn nedover kinnet hennar. Snufs.

Sinéad O’Connor – Nothing Compares To You

MTV gjorde mykje for Nirvana. Ikkje minst fekk den store majoriteten augene opp for bandet etter MTV gjorde Nirvana Unplugged. Av musikkvideoar av bandet er «Heart Shaped Box» verd å nemne. Nirvana ville eigentleg at Kevin Kerslake, som allereie hadde laga videoar til songane «Come as You Are», «Lithium», «In Bloom» og «Sliver» skulle ha regien. Når dette samarbeidet gjekk i vasken, blei den nederlandske fotografen og regissør, Anton Corbijn (som seinare laga filmen om Joy Division, Control) hyra inn. Tre år tidlegare hadde han laga musikkvideoen til Depeche Mode sin «Enjoy the Silence». Corbijn skal ha vore skeptisk ettersom Kurt Cobain hadde skissert ut ein nøyaktig plan for korleis videoen skulle vere. Heldigvis funka samarbeidet over all forventning. Videoen startar med eit klipp der bandet vaker over ein tilsynelatande døyande eldre mann, men mesteparten av videoen tek stad i eit fargerikt, surrealistisk landskap med referansar til filmen The Wizard of Oz.

Nirvana – Heart Shaped Box

Musikkvideoen til «Sabotage» av Beasty Boys er ein hyllest og ein parodi av 70-talets mange krimseriar, som The Streets of San Fransisco og Starsky and Hutch. Regissør Spike Jonze har ikkje spart på noko. Videoen skal førestille opninga av ein oppdikta 70-tals tv-serie som heiter «Sabotage», og bandmedlemmene dukkar opp som seriens politiheltar. Nokre scenar i musikkvideoen blei for sterk kost for MTV og måtte kuttast, blandt anna eit kniv-slagsmål og ei scene der dei fell av ei bru, og ein scene der ein blir kasta ut av ein bil i fart. Men sjølv utan desse actionfylte scenane, er filmen energisk og fornøyeleg.

Beasty Boys – Sabotage

Då internett blei allemannseige, stod MTV overfor nye utfordringar. No kunne alle sjå favoritt-musikkvideoane sine når dei ville, særlig fekk kanalen tøff konkurranse av YouTube. Kanalen tok grep og fra tidlig 2000-talet vart kanalen meir og meir prega av reality-seriar. Dei som har fulgt MTV frå starten, ser nok med gru på utviklinga som har skapt tv-konsept som Teen Moms og Jersey Shore.

MTV har med kanalens TV-program likevel klart å sette agendaen med store suksessar, som Pimp my Ride, Jackass og The Osbournes. Snart får me også gjensyn med antiheltane Beavis and Butthead. MTV Music Awards og MTV Video Awards skapar stadig augneblink som blir snakka om I åresvis etterpå, som då Madonna klina med både Britney Spears og Christina Aguilera, eller når Kanye West kuppa takketalen til Taylor Swift. Musikkvideoane fins framleis, men dei går seint på natt og på søster-kanalane. Sjåartala er kanskje ikkje kva dei ein gong var, men merkevara MTV held seg godt for alderen.

MTV lignar i dag lite på det MTV som starta opp for 30 år sida. Det er likevel ikkje til å kome frå at kanalen revolusjonerte musikkindustrien, forma ein generasjon og hjalp artistar opp og fram på ein måte som ingen andre kunne. Gratulerar med 30-års dagen, MTV!

Del "MTV 30 år"
 

9 kommentarer på “MTV 30 år”

  1. MartiN sier:

    «Då internett blei allemannseige, stod MTV overfor nye utfordringar. No kunne alle sjå favoritt-musikkvideoane sine når dei ville, særlig fekk kanalen tøff konkurranse av YouTube.»

    YouTube kom i 2005, internettet kom vel litt før dette vel :)

    • Thomas sier:

      Josåmen, men den verdensomspennende internetten ble ikke allemannseie før senere, og det var først når folk fikk bredbånd, at den verdensomspennende internetten begynte å utgjøre noen særlig trussel. Direkteavspilling av video var lite aktuelt i de harde 90-åra, med modem og trege PC-er.

  2. Andreas Mellbye sier:

    Judas Priest med Breaking the law bør absolutt med på listen. Musikkvideoen kom ut i 1980 sammen med platen, og regnes vell for å være den første dramatiserte musikkvideoen som slo stort igjennom hvor handlingen speiler teksten!

  3. a sier:

    Hva med Sky channel og Music Box?, hvem glemmer vel Pat Sharp, Gary Davies og «run Ronny run»
    Mange artige musikkvideoer fra den tiden, særlig med tanke på alt rælet som er nå for tiden!
    Må si livet var morsommere utover -80 tallet, enn det fortoner seg nå for tiden, i hvert fall når det gjelder musikkvideoer på tv. Youtube med Lady Gaga ol, blir ikke det samme. Bedre med en skikkelig VJ.

    • neidasåjoda sier:

      Det er vel ingen som glemmer dem, men denne artikkelen handler om bursdagen til MTV, såh…

      • a sier:

        For min del hadde jeg aldri noe forhold til MTV, så kun SKY, men klart, det var artig med MTV også sikkert.
        Trist at det ikke vises musikkvideoer på tv lenger, -80 tallet var definitivt gullalderen for musikkvideoer.
        Klart, NRK gjør jo en kjempejobb med å vise dansebændjukeboks hele natta, men det blir ikke helt det samme. Når skal det komme en renessanse for musikk-tv, eller for den saken radio? Har ikke ork til å søke rundt på nettet for å finne ny musikk, bedre at noen med litt peiling, og har litt oversikt spiller ny musikk!

  4. Espen sier:

    MT-WHO?…

  5. Peder sier:

    Hmmmm, Savner de tider da MTV stod for : Music Televison og ikke Moron TV : p

  6. [...] For ikke å snakke om i 2003 da Madonna klinte med Britney Spears. Noe Madonna måtte forklare for datteren Lourdes noen år seinere. Prisutdelinga har hatt for vane å sette dagsorden på så mange måter og denne måneden fyller tv-kanalen bak 30 år. [...]

Legg igjen en kommentar