Lyden av Twitter

Lyden av Twitter

Svaret på spørsmålet du alltid har lurt på: Korleis ville det høyrtes ut om Twitter vart gjort om til ein kontinuerleg strøm av musikk?

Skrevet av:
Publisert 9:00 27 mai, 2012

Korleis twitringa vert til musikk. Bilete: Skjermdump, thelisteningmachine.org.

Kva får du når du legg saman ein forskar, ein komponist, eit kammerorkester, Twitter-feeden til 500 anonyme britar og statsstøtte? Svaret er The Listening Machine, eit automatisert system som som generer ein kontinuerlig strøm av musikk, basert det folk skulle finne det for godt å melda om på den sosiale nettstaden Twitter.

Lytt til The Listening Machine her!

Det heile fungerer slik: eit software-program overvakar Twitter-aktiviteten til 500 anonyme brukarar, som er spreidd på ulike felt (slik som politikk, kultur og idrett). Kvar gong ein av desse brukarane sender ut ei melding via sin konto, vert innhaldet analysert og kategorisert – og omdanna til musikk. Denne musikken vert strømma live via prosjektets nettside.

Kva slags musikk som kjem ut, er avhengig av fleire aspekt ved tweeten. Gjennom ordgjenkjenning vert det avgjort om den er positivt eller negativt lada, og kryssreferering med BBC sitt nyheitsarkiv er med på å bestemma tema for meldinga. Rytmen i ordlyden vert òg registerert, i tillegg til at frekvensen på twitringa er med på å avgjera musikkens tempo.

Det er Daniel Jones, forskar ved Londons Goldsmith-universitet med ein forkjærleik for lydeksperimentering, og Peter Gregson, cellist og komponist, som står bak prosjektet. Alle dei små fragmenta av musikk er det Britten Sinfonia, eit kammerorkester basert i Cambridge, som har spelt inn. Nokre ikkje-musikalske lydar er òg teke med – til dømes triggar ordet «flyplass» lyden av eit fly som lettar.

Korleis det høyres ut? Tja, så veldig fengande er det ikkje, men slett ikkje ubehageleg – langt meir behageleg enn å lesa gjennom ein gjennomsnittleg Twitter-feed, vil nok fleire hevda.

The Listening Machine kjem til å vera oppe å gå frå og med denne månaden, og fram til oktober i år.

Tags: , ,

Del "Lyden av Twitter"
 

2 kommentarer på “Lyden av Twitter”

  1. Penere enn jeg trodde.

  2. Arne Langmo sier:

    Ja ja, i mangel av noe mere fornuftig å ta seg til med, så kan vel dette også være noe.

Legg igjen en kommentar