Katy Perry i konsert i India tidlegare i år (Foto: NTB Scanpix, AP Photo/IPL, SPORTZPICS, Ron Gaunt).

Katy Perry i konsert i India tidlegare i år (Foto: NTB Scanpix, AP Photo/IPL, SPORTZPICS, Ron Gaunt).

Katy med albumhjelp frå M83?

Gjensidig begeistring oppsto under årets Coachellafestival, og no vil franskmannen hjelpa til på popstjernas tredje album.

Skrevet av:
Publisert 15:27 19 april, 2012

Anthony Gonzales i M83.

Han står kanskje bak eitt av fjorårets beste album, men franske Anthony Gonzales og hans storslagne musikalske pseudonym M83 framleis ikkje immun mot litt velretta smiger. Då sjølvaste Katy Perry sendte ut ein begeistra Twitter-melding til sine drygt 18 millionar følgjarar etter M83 sin konsert Coachella-festivalen førre helg, parerte Gonzales like gjerne med å spørra om han kunne få skriva Katys neste album. Det skjedde i ei melding på bandets Facebook-side.

Katy har er for tida i gang med arbeidet på oppfølgaren til hennar Teen Dream frå 2010, men om ho er open for ei hjelpande hand seier historia foreløpig ingenting om – sjølv om onde tunger kanskje ville ha hevda at ho kunne trengt det.

På ei annan side er det ingenting som tydar på at Perry ikkje greier seg utmerka med sitt eksisterande kobbel av låtskrivarar og produsentar; Teen Dream er til no seld i meir 7 millionar eksemplar på verdsbasis, og har skaffa Perry fem nummer éin-hits berre i USA.

Det nye albumet skal likevel gå i ei ny retning, har Perry avslørt: Førre veke fortalte ho fansen at noko «real fucking dark» var i emning. Men før den tid blir det full technicolor-fest på kinoane, når konsertfilmen Katy Perry: Part of Me har premiere i byrjinga av juli.

Trailer til Katy Perry: Part of Me:

Tags: , , ,

Del "Katy med albumhjelp frå M83?"

Legg igjen en kommentar