- Jeg forandret popmusikken

Lydverket har møtt DJ-superstjernen David Guetta.

Skrevet av:
Publisert 16:39 1 desember, 2011

Det har ikkje vore lett å unngå David Guetta dei siste par åra. DJen har – i følge fleire nærmast eigenhendig – brutt ned dei musikalske skilja mellom pop, hip hop og house. Han er mannen som gjorde house stoverein i USA, produsenten som alle ynskjer å samarbeida med – og superstjerne-DJen som vart bua frå salen då han skulle motta prisen for Beste DJ 2011.

Du kan elska han eller stilla deg fullstendig uforståande til alt oppstyret, men sjølv meiner David Guetta i alle fall at han har forandra popmusikken. Lydverkets Siri Knudsen har møtt franskmannen, og øvst i denne saken ser du hennar reportasje om dance-musikkens eventyrlege oppblomstring den siste tida.

Hugs å få med deg Lydverket på NRK2 i kveld kl. 21.30!

Les også: DJ-festivalene er tilbake

I dei homofiles famn

For David Guetta, no 44 år gamal, utgjer likevel åra med suksess framleis ein ganske liten brøkdel av hans samla musikkarriere. Som 17-åring byrja han å DJe på parisiske homseklubbar – ikkje fordi det var her han fann sin foretrukne seksuelle omgangskrets, men fordi det var dei einaste jobbane han kunne få. Guetta tok sin eigen arbeidsstad til etterretning, og undersøkte kva det var ein dansa til på liknande klubbar i Chicago og New York.  Og det var slik, via artistar som Farley Keith, David Guetta oppdaga house.

Farley Keith, «Jack The Bass»:

I starten var riktignok ikkje acid house ein sikker floorfiller i Paris sitt homsemiljøet, men Guetta byrja snart å arrangera sine eigne house-kveldar. I dokumentarfilmen «Nothing But The Beat» seier han sjølv at han på denne tida var «besett» av tanken på å lukkast som DJ, til trass for at dance-musikken si stjerne ikkje har hatt ein heilt stabil posisjon på musikkhimmelen opp gjennom åra:

- Heile livet har eg ynskja at denne musikken var like respektert som hip hop, pop og rock. Men det var den ikkje.

Guetta vart likevel ein ettertrakta DJ i den franske hovudstaden. Nærmast tilfeldigvis byrja han å miksa saman hip hop og house i setta sine, noko og i 1990 ga han ut ein singel saman med den franske rapparen Sidney Duteil. Frøet for fruktbare samarbeid med andre artistar var sådd, og nokre år seinare fekk Guetta ein mindre klubbhit saman med house-legenda Robert Owens.

David Guetta ft. Robert Owens, «Up & Away»:

Dance-musikkens død?

Men det skulle ta endå nokre år før hitsinglane verkeleg byrja å strømma ut frå Guettas DJ-bord – eller faktisk, til han i det heile tatt ga ut ei plate.

Chris Willis

Fyrst i 2002, etter fleire år med henda fulle av stadig meir internasjonale klubbkonsertar, kom debutalbumet Just A Little More Love. På ein måte som skulle verta betegnande for resten av karriera, hoppa Guetta galant bukk over sjangerskilje, og overtydde den amerikanske gospelsongaren Chris Willis – som var ein smule bekymra for å hamna i helvete om han allierte seg for tett med dance-miljøet – til å bidra på vokal.

Fleire vil nok stussa over timinga til Just A Little More Love. Etter å ha opplevd ein massiv opptur i løpet av 1990-talet, sleit dancemusikken kring 2002 med eit tyngande dopstempel og generell kommersiell slitasje. Musikksynsarar var følgeleg travelt opptekne med å erklæra dance død – eller i det minste forvisa den tilbake til den undergrunnenden kom frå.

Men Guetta fann likevel rom for ein viss suksess. I 2004 kom andrealbumet Guetta Blaster, og i 2006 vart Just A Little More Love-singelen «Love Don’t Let Me Go» gjenutgitt som ein mash up med bidrag frå den britiske elektronikagruppa The Egg. Singelen gjorde det bra, ikkje minst i Storbritannia, der den klatra til ein tredjeplass på den britiske singellista.

David Guetta vs. The Egg, «Love Don’t Let Me Go (Walking Away)»:

Og det er kanskje ikkje så rart at det var Storbritannia som kom med den største drahjelpa. Sjølv om housemusikken oppsto i USA, hadde den aldri vorte noko anna enn musikk for spesielt interesserte. I Storbritannia fanst det ein heilt anna kultur for dance, og vart slik eit brennpunkt for den vidare utviklinga av sjangeren.

- Storbritannia var sjølve referansen for denne typen musikk. Så å få en hit der, det var begynnelsen, sier Guetta i dokumentaren «Nothing But The Beat».

Også neste album, Pop Life frå 2007, vart populært på dei britiske øyer. Og no byrja også USA så smått å følgja opp: Singelen «Love Is Gone» toppa den amerikanske dance-lista, og sneik seg også inn på Billboards Hot 100. I 2008 vart David Guetta kåra til «Best House DJ» under DJ Awards, og med det byrja ting å liggja til rette for at den verkelege festen kunne byrja.

Take off

For så kom 2009, året då David Guetta for alvor sparka ned dei internasjonale dørene. Med eit knippe av verdas mest kommersielle pop- og hip hop-artistar nennsamt plukka ned frå hyllene, starta sigersrunden: «When Love Takes Over» ft. Kelly Rowland, fyrstesingelen frå Guettas fjerde studialbum One Love, klatra i Noreg til ein fjerdeplass på VG-lista, medan den gjekk heilt til topps i mellom anna Storbritannia. Suksessen fanga merksemda til Akon, som gjerne ville få til eit samarbeid med franskmannen. Og med Akons egne, ubeskjedne ord:

- Vi skapte «Sexy Bitch», og verden var ikke den samme siden.

«Sexy Bitch» ft. Akon:

Og brua mellom housemusikken og popmusikken var faktisk i ferd med å bli hamra på plass – også i USA. One Love solgte i over 3 millionar eksemplar etter at albumet kom ut i august 2009, og lista over artistar som ville ha David Guetta til å dryppa suksess over seg vart stadig lenger. For Guetta sjølv, som hadde vore klubb-DJ i over 20 år då populariteten for alvor slo inn, betydde suksessen ei omstilling på fleire plan.

- I mitt hovud var eg framleis ein vanleg DJ. Men når folk kom for å sjå meg spela no, forventa dei plutselig å sjå en konsert.

2009 var òg året Guetta produserte låta som skulle enda opp med å bli årets mest seigliva amerikanske nummer ein-hit – låta som slo alle digitale salsrekordar, og til slutt vart tidenes mest nedlasta låt. Låta som ikkje kunne løfta Lydverkets anmeldelse av albumet den befann seg på opp frå terningast to, men som uansett solgte i 13 millionar eksemplar. Me snakkar sjølvsagt om:

The Black Eyed Peas, «I Got A Feeling»

Den musikalske forbrødringa var ikkje nødvendigvis nok til å imponera kritikarane. Gamle house-fans irriterte seg, forutsigbart nok, over kommersialiseringa, og heller ikkje musikkanmeldarstanden var heilt overtydd. Ambivalensen er til å ta og føle på i Lydverkets anmeldelse av One Love:

«Miksmaster Guetta plukker smart funk- og housepiano fra popens freskeste danseæraer – og alternerer med tunge technotriks og smørhouse. Gøy. Men jeg blir GÆREN hvis jeg må høre dem i kombinasjon med Black Eyed Peas-Will, Akons og Novels glætte vokal en gang til. Og det må jeg vel, all den tid liksom-rappe-sang med autotune er veien til salgstoppen og treningsstudioer.»

Les også: Generisk Guetta

Ringverknader

Om du vil tilskriva Guetta heile æra for det eller ikkje – house- og elektropopen er ikkje til å koma utanom når dei siste åras musikalske eskapader skal oppsummerast. Å påstå det er ein forbigåande fase er ikkje spesielt kontroversielt – sjølv om det allereie har pågått lengre enn enkelte har spådd – men det er trass alt det popmusikken handlar om.

Me avsluttar like greit med ein handfull megahits post-Guetta – så får du sjølv avgjera kor lang tid det går før du er lei.

LMFAO, «Party Rock Anthem»:

Pitbull, «Give Me Everything»:

Britney Spears, «Till The World End»:

Avicii, «Levels»:

Tags: , , , , , ,

Del "- Jeg forandret popmusikken"
 

9 kommentarer på “- Jeg forandret popmusikken”

  1. Anonym sier:

    Riiight…

  2. Alex W sier:

    Timing er, som kjent, alt. Pop hadde allerede vært gjennom electro-preget fra 80-tallet, og den naturlige oppfølgeren var dance.

    Jeg kan hate det mannen lager, men de av oss som liker de mest dansbare formene for elektronisk musikk, må ihvertfall anerkjenne at han nå har fått mange flere til å åpne seg litt for sjangrene. Forhåpentligvis vil endel av dem bli introdusert for de noget mer rafinerte sidene elektronisk musikk har å tilby, og finne ting de liker der óg.

  3. Ok, slike uttalelser blir litt for grove. Elektronisk musikk og DJ-ing er ikke noe nytt femomen akkurat, og Guettas utsagn får ham til å høre ut som om han sammenligner seg med band som Beatles. Så om Guetta har vært så revolusjonerende, kan diskuteres.

  4. Anonym sier:

    Faust forandret popmusikken. Beatles forandret popmusikken. Beach Boys forandret popmusikken. Pink Floyd (m Syd Barrett) forandret popmusikken. Velvet Underground forandret popmusikken. Veldig mange band vi aldri har hørt om forandret popmusikken fordi en kjent artist lot seg inspirere. Også band som ikke regnes som pop har forandret popmusikken.

    Når man hører noe «nytt» i popmusikk, er det (nesten) alltid noe som har vært kjent i årevis i en eller annen «undergrunn». Popmusikk er ofte en slags flått som suger seg stor og feit samt at den etterlater et virus i sjangeren den angrep. Heldigvis er det ikke alle popmusikere gjennom tidene som har vært sjelløse opportunister. Popmusikk kan være fantastisk. Blir derfor veldig sint på de som kynisk prøver å utnytte den til egoistiske meningsløsheter. Og det gjelder desverre veldig mange.

    Det lille jeg har fått med meg av moderne hitmusikk (gjennom bensinstasjoner, 7-Eleven, taxi etc.) bærer preg av enten elektronisk lydbilde eller dersom det er «vanlige» instrumenter, hundre prosent kompresjon, ingen dynamikk, ingen menneskelighet overhodet. Dette er soundtrack til en global vegg til vegg 7 Eleven dystopi. Det finnes fortsatt bra musikk. Det vil alltid finnes bra musikk. Bare synd at de er dømt til å være så få. Vi måtte forandret hele informasjonsindustrien dersom den beste musikken skulle nå ut til folk flest.

    PS: Jeg nevnte «elektronisk lydbilde» og vil gjerne presisere at jeg har ingenting imot elektronisk lydbilde. Elsker synth-arpeggios og blip blop høyere enn det meste i verden.

    PS2: Dersom jeg skal spå hva som blir den neste rytmen i popmusikkens fortryllende verden, så velger jeg å tro på selvoppfyllende profeti, og fordi en rytme som dette hvertfall ikke kan gjøre verden dårligere uansett hva slags ræl man blander det med:
    http://www.youtube.com/watch?v=y-J6Bscor_E

  5. Anonym sier:

    Dette blir vel først og fremst som om Linkin Park sier «Vi forandret rockemusikken». Korn tar uansett kaka for «vi oppfant dubstep», tidenes lattis. Har aldri skjønt at noen kan like det bandet. Eller noe som i det hele tatt ligner. På noen som helst måte.

  6. Anonym sier:

    Dette blir vel først og fremst som om Linkin Park sier «Vi forandret rockemusikken». Korn tar uansett kaka for «vi oppfant dubstep», tidenes lattis. Har aldri skjønt at noen kan like det bandet. Eller noe som i det hele tatt ligner. På noen som helst måte.

  7. [...] Les også: David Guetta: – Jeg forandret popmusikken [...]

  8. [...] Les: David Guetta: – Jeg forandret popmusikken [...]

Legg igjen en kommentar