Ane Brun på by:Larm 2012. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Ane Brun på by:Larm 2012. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Ane Brun - Kulturkirken Jakob, by:Larm 2012

I all si prakt

Ane Brun gjev årets unge by:Larm-artistar noko å strekkja seg etter, med ein konsert som er farleg nær perfekt.

Skrevet av:
Publisert 1:37 17 februar, 2012

 by:Larm kan vera hardt. Å hasta gjennom Oslos gater, med verkande rygg, iskalde sko og berre ein vag plan for kva det eigentleg er ein vil sjå. Lange køar, dyrt øl og artistar som ikkje lever opp til dei merkeleg ekstatiske førehandsomtalane. Det er slitsamt, men me veit alle kvifor me gjer det: sjansen for å oppleve den éine konserten der absolutt alt er riktig. Som den konserten Ane Brun leverte i kveld.

Som kvinna bak eitt av fjorårets beste norske (og for så vidt svenske) album, var forventingane skrudd høgt opp i velvinga til det nydelege konsertlokalet Kulturkirken Jakob. Av litt uklare årsaker – kanskje som ei påminning om kvalitetane i nemnde album – opnar det heile med ei storskjermprosjisert framvising av Magnus Renfors’ kortfilm «One», basert på fire av låtane frå It All Starts With One - du hugsar kanskje ein av del av den som videoen til singelen «Do You Remember»? Det er uansett ikkje så viktig. Den verkelege framsyninga skjer i full tredimensjonalitet.

Med eit tremannsband fordelt på tangentar, perkusjon, cello og bass i ryggen sett Brun i gang med ein konsert som etter kvart skal utvikla seg til å bli ei nærmast perfekt overføring av sistealbumets drivande rytmikk, forheksande dramatikk og glidande dynamikk. Faktisk får ein allereie ved andrelåta «These Days» kjensla av at noko stort er på gang, når Brun brått står i auga av ein stiv musikalsk kuling. Jakobskirkas fullkomne akustikk løftar fram eit gnistrande lydbilete, så fullt av nerve at ein kunne klort på den i lause lufta.

Etter kvart som kvelden foldar seg ut, skjer det same gong på gong: Ane Brun er så levande, så trygg som artist, låtane kjem så til dei grader til sin rett, og totalen er nok til at den kan ta deg gjennom mang ei frossen konsertnatt. Det er rett og slett by:Larm som internasjonalt utstillingsvindu på sitt beste.

Tags: , , ,

Del "I all si prakt"
 

1 kommentar på “I all si prakt”

  1. [...] Lydverket P3 gir deg med jevne mellomrom konsertopplevelser i radioapparatet ditt. Tirsdag får du høre Ane Brun i storslag, i konserten hun og bandet hennes gjorde i Middelalderparken på torsdagen under årets Øyafestival. Moldenseren som er bosatt i Sverige ga for et år siden ut albumet It All Starts With One, og har overbevist når hun har gjort konserter med det låtmaterialet tidligere, som hun blant annet gjorde under by:Larm i vinter. [...]

Legg igjen en kommentar