<B>Kongar på haugen</b>Kings of Leon er aktuelle med ny plate. Foto: The Sun

Kongar på haugenKings of Leon er aktuelle med ny plate. Foto: The Sun

Hugsar ikkje forrige album

Kings Of Leons frontmann Caleb Followill var hekta på smertestillande då bandet turnerte med Only By The Night.

Skrevet av:
Publisert 15:46 21 oktober, 2010

King of Leon er ute med ny plate, til anmeldelsar sånn midt på treet. I eit intervju med britiske The Sun fortel frontmann Caleb no at han eigentleg ikkje hugsar så mykje frå alt styret rundt forrige album, Only By The The Night. Han var nemleg «kinda hooked on» sterke smertestillande etter ein skulderoperasjon, og megasuksessen bandet opplevde har til dels gått hus forbi. Og det er ikkje berre Caleb som festa hardt i perioden: Yngstemann Jared (23) fortel at han var hekta på hostesaft. «It was so good».

Elles legg Nashville-bandet ut om korleis det er å plutseleg ha masse pengar å bruka. Brødrene Caleb,  Jared og Nathan, samt fetteren Matthew, vaks alle opp i fattige kår, og Caleb seier mellom anna at dei tre måtte dela seng då dei var yngre. No er situasjonen ein annan, og ein fuktig kveld på ein restaurant i London i fjor enda med ei rekning på rundt 60 000 dollar. 350 000 kroner, altså.

Rusavhengighet og uvøren økonomisk styring er likevel ikkje den største trusselen mot King of Leons ve og vel for tida. Susan Boyle er den som får gutane til å skjelva i jeansa, og vert peika ut som den største konkurrenten på salslistene dette året. Dama er ei naturkraft, som Caleb seier.

Tags: , ,

Del "Hugsar ikkje forrige album"

Legg igjen en kommentar