Moi, her under innspeling av Lydverket på Internasjonalen tidlegare i vår. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Moi, her under innspeling av Lydverket på Internasjonalen tidlegare i vår. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Høyr Moi covra Gotye

«Somebody That I Used To Know» har vore vanskeleg å kome utanom den siste tida. Få med deg Mois nydelege versjon av låta her!

Skrevet av:
Publisert 14:57 14 mars, 2012

Du skal ikkje ha høyrt mykje på radio den siste tida, før du har støtt borti Gotye (eller WouterDe Backer, som han eigentleg heiter) og hans «Somebody That I Used To Know (ft. Kimbra)». Låta har nådd enorm popularitet i Europa og USA dei siste månadane, etter å fyrst ha toppa listene i Gotyes heimland Australia i fjor.

Dette var låta Ingjerd Østrem, for mange betre kjend under artistnamnet Moi, valde å covra då ho vitja Aishath Afeef i Popsalongen tidlegare i dag. Ho har, som så mange andre, latt seg fanga av Gotyes hjerteskjærande ærlege tekst, og tannhjula brukte ikkje lang tid på å koma i gang då hennar eigen versjon skulle planleggjast.

- Eg gjekk gjennom lista med songar, og… det høyres kanskje litt rart ut, men det var denne som snakka mest til meg. Den er så naken i den originale produksjonen, og byrja å høyra for meg lydar eg sjølv kunne tilføya, fortel ho på veg ut av studio.

Høyr Mois versjon av «Somebody That I Used To Know» her:

Moi covrar Gotye

Under sendinga strømma det på med reaksjonar frå bergtekne lyttarar. Ein entusiast hevdar å kunne ha «giftet meg med den coveren», medan ein annan rett og slett seier at «Moi sin version var tusen ganger bedre enn orginalen».

Rogalandsartisten er slett inga novise når det gjeld å gjera eigne versjonar av andre sine låtar. Mange fekk auga opp for Moi då ho vann NRK P3 og Kaizers Orchestra sin coverkonkurranse  i samband med singelen «Hjerteknuser» i 2010, og seinast førre månad opna ho Lydverkets TV-sending med ein sterk versjon av Guns ‘n Roses «Welcome ToThe Jungle».

Les også: Moi vant alles hjerter

Ho tek likevel ikkje lett på det når ho gjer seg i kast med eit slikt prosjekt, og fortel at det ligg mange timars arbeid bak kvar cover ho gjer.

- Det er så utruleg mange flinke folk der ute, så eg gjer det alltid med ein god porsjon ærefrykt. Målet mitt er alltid å henta noko nytt ut frå låta, som lyttaren ikkje får nokre andre stader.

Men lystbetont, det er det i alle fall:

- Eg ser på det som ei utfordring. Og så syns eg det er kjempekjekt.

Tags: , , , ,

Del "Høyr Moi covra Gotye"
 

3 kommentarer på “Høyr Moi covra Gotye”

  1. [...] Hør også: Moi covre Gotye [...]

Legg igjen en kommentar