Frå Sufjan til Sofia

Sufjan Stevens har funnet igjen gamle låtar han skreiv i ungdomstida. Låtar han spelte inn på college, i tida der han hadde ein «pretty-fun-sounding name song» periode. Og ei av desse låtane har dukka opp på internettet, klar for at verden skal få høyre korleis Sufjan ein gong var. I ein bloggpost, som absolutt er […]

Skrevet av:
Publisert 13:03 26 april, 2009
Sofia Coppola og Sufjan Stevens Foto: underteikna

Sofia Coppola og Sufjan Stevens Foto: Ida Solheim-Olsen/ Lydverket

Sufjan Stevens har funnet igjen gamle låtar han skreiv i ungdomstida. Låtar han spelte inn på college, i tida der han hadde ein «pretty-fun-sounding name song» periode. Og ei av desse låtane har dukka opp på internettet, klar for at verden skal få høyre korleis Sufjan ein gong var.

I ein bloggpost, som absolutt er morosam lesing, skriv Sufjan om ei tid der foreldra hans angra grådig på at han fått det namnet han har fått. Og for å gjere opp for det, skulle Sufjan få ei veke til å bestemme seg for eit nytt namn og skifte til det. Og dette skal vist ha ført til ein haug med låtar om typisk amerikanske namn som Paul, Ron, Jeremy, Calvin and so on. Burde ikkje dette bety eit nostalgisk box sett?

Uansett, låta som han har lagt ut i denne posten, er ein sang om eit namn, men det er også ein akkustisk sang til Sofia. Og det er ikkje kven som helst med namnet Sofia som har fått ei eiga låt. Det er nemleg regissøren Sofia Coppola som har fått ei låt frå sjølvaste Sufjan Stevens. Fint spør du meg.

Les posten, høyr låta!

Tags: , , ,

Del "Frå Sufjan til Sofia"
 

1 kommentar på “Frå Sufjan til Sofia”

  1. daffy sier:

    søtt bilde!

Legg igjen en kommentar