Forsoning mellom Justin Vernon og Grammy?

Forsoning mellom Justin Vernon og Grammy?

Bon Iver-frontmannen har tidlegare langa ut mot den amerikanske prisutdelinga. No reklamerer han for den – og det på ein ganske fin måte.

Skrevet av:
Publisert 15:59 1 februar, 2012

Justin Vernon har tidlegare kunne styre seg for musikkprisar.

Bon Ivers Justin Vernon har tidlegare gjort det klart at han ikkje er spesielt begeistra for store musikkprisar. I eit intervju med New York Times frå i fjor sommar uttalte han seg negativt om den kunstneriske verdien av Grammy-utdelinga, og la  mellom anna fram dette forslaget til imaginær takketale:

- Alle bør gå heim, dette er latterleg. De bør ikkje gjere dette. De bør ikkje samlast i eit svært rom, sjå på kvarandre og late som om dette er viktig.

Han understreka samstundes at han såg på det som svært usannsynleg at han sjølv nokonsinne skulle bli nominert. Då han nokre månadar seinare vart nominert til ikkje berre éin, men heile fire Grammy-statuettar -  inkludert «Album of the Year» og «Song of the Year» -  var det knapt til å unngå at sitata vart trekt fram på nytt.

Les anmeldelsen av Bon Iver, Bon Iver: Storstilt skogsrydding

No kan det uansett sjå ut som Bon Iver har forsont seg med ei ny, Grammy-vennleg haldning; deira «Holocene» er éin av låtane som vert brukt i ein serie reklamesnuttar for prisutdelinga, inntil ein riktig så Bon Iversk animasjon av snødekte landskap og blafrande lauv.

Sjå videoen her:


(Via Steregum)

I anna Grammy-relatert nytt, vart det nyleg klart Adele skal gjera sitt live-comeback under showet.

Artisten har ikkje halde konsertar på nesten fem månader, på grunn av ein operasjon på stemmebanda. Ho er nominert i seks kategoriar, og er for lengst spådd til å bli ein av kveldens store vinnarar.

Årets Grammy-utdeling går av stabelen sundag 12. februar, med LL Cool J som vert.

Tags: , , ,

Del "Forsoning mellom Justin Vernon og Grammy?"

Legg igjen en kommentar