Enslaved med årets album i Terrorizer Magazine

Bergensbandet Enslaved har fått ein pangstart på det nye året, då albumet deira Vertebrae akkurat har blitt kåra til Årets Album i 2008 av Terrorizer Magazine. Enslaved har feia forbi storheitar som AC/DC, Metallica, Testament og Opeth i kåringa som er gjort av alle ansatte og skribentar i det som er verdas leiande magasin innan […]

Skrevet av:
Publisert 13:28 5 januar, 2009

Bergensbandet Enslaved har fått ein pangstart på det nye året, då albumet deira Vertebrae akkurat har blitt kåra til Årets Album i 2008 av Terrorizer Magazine. Enslaved har feia forbi storheitar som AC/DC, Metallica, Testament og Opeth i kåringa som er gjort av alle ansatte og skribentar i det som er verdas leiande magasin innan rock og metal.

Sjefsredaktør i Terrorizer, Louise Brown, seier i ei pressemelding at det ikkje kjem som ei stor overrasking at Vertebrae vant kåringa, og at det heller ikkje er tvil om at denne plata blir ein utfordrer til eit av tiårets beste plater.

Sa vi at dette må no vere ein bra start på året for Enslaved? Ja, det er vel ingen tvil om det. Grattis!

Tags: , , , , , , , , , , , , ,

Del "Enslaved med årets album i Terrorizer Magazine"
 

2 kommentarer på “Enslaved med årets album i Terrorizer Magazine”

  1. Ruben Gran sier:

    Bra plate, bra band og bra gjester, som da Enslaved-Ivar delte turnéhistorier på Lydverket i fjor høst: http://www.nrk.no/lydverket/enslaved-fikk-tom-waits-hjelp/

  2. HeadOvMetal sier:

    Congratulations! Well-deserved!

Legg igjen en kommentar