Eminem. Foto: Scanpix/Reuters

Eminem. Foto: Scanpix/Reuters

Eminem blir historisk

Denne veka kan Eminem bli den første som får platina for digitalt sal i over ein million eksemplarer av sistealbumet Recovery.

Skrevet av:
Publisert 13:46 6 juli, 2011

Etter alt å døme kjem albumet Recovery til å bli det første albumet til å selje ein million i nedlastingar i USA, ifølge Nielsen SoundScan. Sidan 2005, då SoundScan starta registrering av nedlastingar, har berre 12 album seld over 500.000 nedlastingar. Recovery debuterte på førsteplass både på Billboard 200 og Top Digital Album lista for litt over eit år sida. Der låg den på topp i sju veker.

Adele er den einaste som pustar Eminem i nakken. Albumet hennar, 21, vil mest sannsynleg gå over millionen neste veke.

Interscope Records’ visedirektør, Steve Berman, seier dette er ei utruleg bragd av ein fantastisk artist.

- Eg har hatt gleda av å arbeide med Eminem gjennom heile hans karriere, og eg er henrykt over å få vere vere med å nå nok ein milepæl på denne vanvittige reisa, seier Berman. Eminems manager, Paul Rosenberg legg til at han er stolt over det dei har fått til:

- Me er kjempeglade for å kunne gratulere Eminem med denne historiske bragda. Me har gjennom åra satsa sterkt på Eminems fans på nettet, så dette føles spesielt givande. Eminem laga ein fantastisk album med Recovery og fansen har respondert med rekordstort sal.

Eminem – «Love The Way You Lie» ft. Rihanna:

Lydverkets anmelder Andreas Øverland lot seg imidlertid ikkje imponere stort over Eminems storselgjar, og hevda at rapparen har utvikla seg til å bli «en forutsigbar, usigelig kjedelig fyr«.

Tags: , ,

Del "Eminem blir historisk"

Legg igjen en kommentar